Og så er vi igang igjen då, med krangel om flyplasstruktur på vestlandet.
http://www.firda.no/nyhende/article7678703.ece
"To dagar etter at Avinor lanserte modellar for flyplassnedleggingar i Sogn og Fjordane, greidde fylkesutvalet ikkje å bli samd om ei flyrutefråsegn som krystallklart strekar under at dette fylket krev å få behalde dei flyplassane vi har i dag. "
Og:
http://www.firda.no/nyhende/article7675462.ece
"Hardkøyr frå Avinor
Både Sandane og Førde ligg utsette til når Avinor skal legge planer for flyplasstrukturen.
– Avinor legg opp til ein splitt og hersk-taktikk som dette møtet i utgangspunktet ikkje skulle handle om, sa Ørsta-ordførarar Rune Hovde (H).
Avinor er i ferd med å sjå på flyplasstrukturen for kortbanenettet, og representantar for kortbaneflyplassane her i fylket samt Hovden i Møre og Romsdal var innkalla til det dei trudde var eit informasjonsmøte i Florø måndag.
– Anten Førde eller Sogndal kan bli lagt ned i tillegg til Sandane, men Førde er mest utsett, seier Lars Draage i Avinor. Han leia møtet med flyplasskommunane. "
Sikkert lurt å tenkje seg om, men i denne debatten er det mange rare påstandar frå dei som vil legge ned det meste....