Re: SAS snart med inflight internet (status-tråden)
Sidan vi framleis er litt OT og på den tekniske sida. Med GEO-stasjonære satellittar er det litt begrensa kva ein kan forvente så langt uansett. Sjølv om dekningskartet viser dekning, vil ein vere avhengig av gode antennesystem for å få skikkeleg fart; gjerne større antenner enn det er plass til på fly.
Sjølv om Iridium no held på å sette igang IridiumNeXt (satellittar som går i polare baner så det i prinsipp er like god dekning over heile jorda), så trur eg heller ikkje dette kjem til å vere løysinga på breiband på fly; for lite kapasitet.
Det er to andre interessante ting som føregår:
OneWeb er i gang med å bygge ut bakkeinfrastrukturen sin (som mellom anna består av antenner på Svalbard). Dei skal ha ein konstellasjon på mange hundre satellittar basert på LTE (mao mobilkommunikasjon). Desse vil gi moglegheit for breiband over heile verda. Dei påstod på ein konferanse i fjor at dei hadde to kundar som begge redda foretningsmodellen; Coca Cola og Airbus. Så vi får sjå korleis det blir. Det er mange satellittar som skal skytast opp, mykje som kan skjere seg. Men det er folk med pengar og driv bak. I tillegg står vel Facebook mfl. på vent til liknande prosjekt også.
Elles er det eit norsk prosjekt oppe til vurdering også (men eg er redd det er for seint). Ideen er å skyte opp to satellittar i høg-elliptisk bane; då vil dei største delen av døgnet dekke nordlege område og "oppføre seg" som ein GEO-stasjonær satellitt. Dette er store og dyre saker, og det er ikkje sikkert det går an å lukke den casen på samfunnsøkonomisk måte. Å selje trafikk til fly over nordpolområdet er ein av moglegheitene, men kritikken går på om ein skal ta rissiko i 1-2 Mrd norske skattepengar for å levere ei slik teneste. Alternativet kan vere å seie at dette er kritisk norsk infrastruktur, då kan staten (evt. stat/forsvar) invistere, men då blir det kanskje ikkje levert tenester til fly. Såvidt eg veit har dette nettopp vore gjennom kvalitetssikring av KVU. Eg har ikkje rota meg til å lese den rapporten, så er litt usikker på status. Som sagt; eg er litt redd at Noreg er 5-10 år for seint ute med dette; det har vore snakk om eit slikt prosjekt sidan nitt-talet.