Re: Reiseåret 2017
I år vart det ganske mykje flyging, 38 turar totalt. Ein del fleire lange turar enn vanleg. All-time low på privatreiser (3x TRD-BGO t/tr og 2x Jetstar i Australia), all-time high på jobb-fronten.
CPH-SFO (EB-oppgradering) i C, resten var stort sett bakerst-bakerst.
Domestic 18
Intra-Continental 10
Intercontinental 4
Other flights 6
SAS står for 20 av flightane. DY berre ein; blir nok meir av det til neste år.
Nye flyplassar: SNA, SJC, CAN, LAX, AAL, ADL
Nye flytypar: Farchild 328, A320neo (trur eg)
Nye flyselskap: China Southern, Alaska, Sun Air (for BA)
Høgdepunkta er jo Australia-turen. Litt surt at et ikkje vart skikkeleg RTW; var ganske nær, men det hadde vel ikkje blitt så populært i heimen om eg ikkje hadde blitt med heim frå Australia heller.
Verste sete: Alaska E175. Vanlegvis fine fly; men fy for nokre sete.
Verste lonhaul: Air Canada frå Toronto til København. Det var trangt det! Både sidevegs og i lengderetning. AC sin B777 har betre beinplass, så eg forventa ikkje det så trangt. Nedtur. Heldigvis flytta røyke-svensken seg, så det vart betre plass.
Beste overraskelse: China Southern. Fin service, OK-ish plass på flya. Grei AVOD. Ikkje så god mat; men eg et det meste. CAN er derimot ein sabla kjedeleg flyplass!
Årets etterpåklokskap: Hadde vi reist med SK og Singapore til Australia hadde det vel blitt gullkort på poeng; og gjerne over 40 poeng ekstra for bruk. Men å betale 15k ekstra for det var ikkje noko option. KLM-poenga forgår vel slik som vanleg.