• Hei

    Vi i Foreningen Flyprat ønsker takke de av dere som har valgt å være medlem av foreningen gjennom det siste året, og dermed støttet driften av Flyprats forum og Airpics med 150kr.

    Vi håper å kunne ha deg videre med til neste år og at du fortsatt vil være medlem nå som nytt medlemsår begynte 1. oktober 2025

    Merk at etter årsmøtevedtaket er medlemsavgiften fra og med i år 150kr

    Betalingen kan enten gjøres via Vipps: 150kr til #18641 eller via Letsreg på linken under:

    https://www.letsreg.com/no/event/medlemskontingent_2026_01102025

    (Husk og oppgi brukernavn så betalingen kan linkes til brukeres)

    De av dere som alt har betalt i oktober er selvsagt registrert i det nye medlemsåret

    Med vennlig hilsen - Styret i Foreningen Flyprat

Helikopter frå Gaular til katastrofeområde

sail4fun

ScanFlyer Mile High Club
Helikopter frå Gaular til katastrofeområde

nrk.no

Administrerande direktør i Airlift, Bjarne Slapgard, stadfestar at dei er i samtalar med både Sameinte Nasjonar og Raudekrossen om kontrakter i svoltkatastrofeområda i Sudan og i områda som vart råka av flodbølgja i Asia.
- Men vi må finne ein balansegang mellom det å kunne stille opp og det å gjere ei fornuftig forretning ut av det, seier Slapgard.


Superpuma
Vinteren er lågsesong for helikopterselskapa. Det betyr at Airlift har ledig kapasitet som kan setjast inn både i oppdrag rundt svoltkatastrofen i Sudan og flodbølgja i søraust-Asia.
- Vi har for det fyrste ei stor maskin som kallast ein Superpuma. Ho kan flytte 17 personar, frakte fire tonn og har ei rekkjevidd som er tilpassa ein slik operasjon, fortel Slapgard.
I tillegg har selskapet små maskiner som kan utføre mindre omfattande operasjonar.


Kontrakt raskt på plass
Det seier seg sjølv at slike maskiner vil vera nyttige i søraust-Asia der svært mykje av infrastrukturen no er øydelagt. Det gjer at ein avtale mellom Airlift og SN eller Raudekrossen kan kome på plass relativt raskt.
- Eg trur kontrakten om søraust-Asia vil vere klar løpet av 14 dagar. Når det gjeld Sudan er det umogleg å seie noko sikkert, seier Slapgard.


Omfattande transport
Når kontraktane eventuelt er på plass, er det mykje praktisk rundt transporten av helikopter og mannskap som må planleggjast.
- Det kjem an på kva transport Raudekrossen og SN kan tilby oss. Vi kan reise ned til søraust-Asia med båt, men det vil ta 30 til 40 dagar. Fraktar vi utstyret med fly kan vi vere operative i løpet av ei veke, fortel Airlift-direktøren.


Aktuelt med tilsetjingar
Det er kan vere aktuelt for Airlift å tilsetje fleire folk i samband med kontraktane, men det er for tidleg å seier noko om det, i følgje Slapgard. - Det kjem an på omfanget og kor lang tid oppdraget vil ta.
Bjarne Slapgard ser heller ikkje bort frå at innsatsen i katastrofeområda kan kaste av seg i form av kroner og øre for Airlift.
- Men det viktigaste no er at vi klarer å ta hand om dei faste kundane vi allereie har, seier Slapgard.
 
Back
Top