Egentleg tenkte eg at dette er ein fullstendig uinteressant tur å skrive om (dermed er det så-som-så med bilde), men på grunn av tre små detaljar så kan eg legge ned nokre linjer. Turen gjekk TRD-OSL (SK "light" med E195), kjapp natt på OSL, så til FRA med LH-langt-baki med A320 og så dyr taxi til målet i Darmstad (sidan eg klokka var åtte om morgonen og eg ikkje orka særleg research på buss). Etter å ha jobba med det eg gjere i over 15 år har eg enno ikkje vore på besøk til the o-store Agency. Men no var det ein konferanse i Darmstad eg kunne reise på. Detalj 1: Der var også eit veldig fly-relatert innlegg. Ein kar frå FRAPORT prata om korleis dei brukar AI og maskinlæring for å få ned feil og problem og lost bags på bagasjeanlegga. Det var ganske interessant, og eit høveleg godt døme på at AI faktisk har praktisk nytte utan å vere så forferdeleg fancy. Som eit av reisefylgja sa; etter å ha høyrt kor mange bags som hamnar på avveie kvar dag, er det greitt å reise med handbagasje
. (eller er det det...)
Det vart også tid til litt glühwein på julemarknaden i byn. Fekk ikkje sett så mykje av Darmstad i dagslys, eit anna reisefylgje meinte at det var like greitt. Men Tyskland viste seg som eit triveleg land å vere på besøk i. Eg har utruleg nok aldri vore i Tyskland med Tyskland som mål før! FRA har til dømes vore besøkt fleire gangar, men kun på gjennomreise.
Sidan eg har 250 eurobonus-poeng som går ut i august neste år og enn så lenge ingenting planlagt for å bruke desse (sidan sommarferien vart "for billeg"), fann eg ut eg kunne svare på oppfordringa frå SAS og by på oppgradering. Eg enda med å legge inn minimum "weak bid" på 13000 poeng FRA - CPH. Blodpris, spør du meg. Men betre enn å la 250 poeng gå ut, ja?
Oppgraderinga gjekk inn, så eg reiste til flyplassen litt tidleg for å sjå om eg fekk teste lounge. Det er ikkje ofte eg har det. Konferansen var ferdig i fire-tida og flyet skulle gå 2030. Sjølv om SAS-appen egentleg er veldig bra, klarer den ikkje vise kva som er inkludert i billetten på skikkeleg måte, verken av bagasje, lounge, fast-track eller liknande, oppgradert eller ei. Så eg lurte oppriktig på om eg hadde tilgang til AF-loungen på FRA. Men fyren i resepsjonen meinte at "you fly business, business is always OK". Loungen var rimeleg full og ganske sliten. Det hang eit skilt ved døra om at den skal flytte til terminal 3 i løpet av '26, kanskje det blir finare der? Utvalet av mat var ganske OK, med ein varm-rett eller to, suppe og litt brødmat. Såg ut til at tilfanget på både sterk og mild drikke var på plass. Eg fekk jobba litt, og skeia ut med to glas vatn og ein pils. Maten var grei. Sakna litt anna snacks enn brødpinnar og nøtter.
Så var det dags for boarding. Det var kaos-boarding inn til pre-boarding-område og venting på buss. Ein stakkars fyr frå handling gjekk rundt til alle med handbagasje med historia om at "they sendt a very small plane today" (som alle dagar, vil eg tru...), og der er det ikkje plass til bags ombord. Så ein må få delivery-at-aircraft-sticker. Det forundrar meg kor kranglete folk er. Alle sutra. "I payed for this". "It's fragile, you must make sure they handle it well. You can get a sticker for that", osv osv. Heilt tullete. Handlingfyren svarte stort sett med at "the captain said that either bags are in cargo holding, or you do not fly". Sidan eg var oppgradert, fekk eg ikkje orange lapp. Noko som visste seg å vere dumt. Ingen bilde frå lounge.
Bussen kom etter ei stund, og vi kom oss ombord. Eg fann setet mitt på 4F, og fekk inn sekk og trillebag i hylla. Detalj 2: Når flyet var neeeesten fullt, om captain på høgtalar og ba alle om å raske med seg tinga sine og pelle seg av flyet fort som pokker. Vistnok hadde fuel-truck #1 søla ved flyet, og då var det uaktuelt å vere ombord (resten av crewet påpeika at det kunne jo dei gjerne fått beskjed om føøøør boarding, og alle rista litt på hauet). Det bar avgårde ut, og vi stod og hang vedsidan av flyet. Etter ei stund kom bussen tilbake, nokre gjekk ombord. Så kom styrman springande og sa "nei nei, ikkje gå ombord i bussen. The flight is not cancelled....yet". Fuel-truck #2 dreiv å fuela flyet, bakkemanskap hang rundt og tok bilde av oss, og vi av dei. Nokre minutt seinare kom ein fyr med sand, kasta eit par spadar av det på bakken og vi kom ombord igjen. Der hadde 4D komme seg ombord først, så eg tapte i tetris og tok sekken under setet for å ikkje blokkere boarding unødvendig lenge. Trangt.
I lufta kom vi oss etter at kapteinen annonserte at det var "fuel-truck problem", ikkje "plane problem". Detalj 3: Ei smilande flyvertinne kom til setet, tiltalte meg med namn og gav meg brett med mat. Av alle framfor gardina (som ikkje finst på CRJ) var det berre meg og 4D som fekk det. Resten fekk snacks frå tralla. Det var litt merkeleg synst eg? Hadde alle aktivt valt bort servering? Eg hadde i allefall ikkje aktivt valt måltid. Maten var god, skinke, litt salat med fiken og melon og noko hummus-greier. Og nesten "varm" chibatta". Mykje av det likna på det tilbehøret som Chrisscross fekk i oktober. Kaka var god, og kaffi i kopp var skikkeleg godt, sjølv om klokka var nesten ti på kvelden!
Vi kom ein stor halvtime seint inn til CPH, og mange var vel begynte å bli nervøse for connections. For min del hadde eg kort å gå frå (buss)-gate til Trondheims-gate. Alt var ved B-gates. Og "heldigvis" hadde dei heldt igjen Trondheimsflyet med 30 min for å få inn både meg og over 30 andre med enno knappare connection. Så alle kom seg heim, litt utpå natta.
Var det verdt oppgraderinga? Næh, på ingen måte. Business og servering i CRJ er umåteleg trangt. Med busstransfer både frå og til har prioritert boarding ingen verdi heller, og alt er like trangt og kaos som vanleg. Eg hadde det egentleg finare eit par rader lenger bak CPH - TRD. Men SAS leverte på tid og som vanleg. Frå lenger sør i Europa, i A320 med blokkert midtsete er nok produktet bra. Greitt å prøve når eg for ein gangs skuld kjenner meg "poeng-rik", men stort sett ikkje har anledning til å bruke dei til så mykje fancy.