God ettermiddag frå Beijing. Det viser seg at det er lettare å skrive her på PC enn på mobil... Bilde-opplasting tok knekken på det. Anyways; er på konfereanse om ting som flyg høgare enn fly denne veka, men jaggu er det ikkje fly-messe i hallen vedsidanav! Må sjå om eg greier å komme meg inn dit også, men det er vel uniformerte vakter som passar på om ein har rett skilt rundt halsen... Det heng iallefall gedigne plakatar med "Airbus <380", Bell helikopter og mykje artig.
Ha ein bra kveld, rundt om i verda.
I morgon blir det skulk og tur til muren. Det mest interessante programmet er mot slutten av veka, så eg får ein dag som turist også.