Sidan avgangen frå FRA var kl 17.50, slapp eg å ta 06.10-avgangen til Frankfurt. Dermed var det avreise heimanfrå 7.30, akkurat passe.
Innsjekk var nesten utan kø, og gjekk rimeleg greitt. Den unge dama i skranken fekk ei par "warnings", men var einig med leiaren sin i at det var OK så lenge det sto "ESTA on file" på skjermen. Fast track var rask, og litt dollar og fem boksar snus rikare gjekk eg til den innerste SAS-loungen. Litt frokost og aviser vart konsumert, før det byrja å nærme seg ein halvtime igjen til avgangen 10.10. Då fann eg ut at eg skulle slå på flightmode på iPad og PC. PCen, som er litt aldrande, hadde berre ørlite batteri igjen, og gjekk i dvalemodus. Som ein (nesten) kurert flyskrekk-passasjer ville eg vere heilt sikker på at PCen var av, slik at flyet ikkje skulle styrte på grunn av meg. Men ladding, oppstart og lukking av program tok tid. Så når eg gjekk med veldig lange steg ut frå loungen sto det "gate closing" på skjermen. Det var sikkert ingen fare med 20 minutt igjen til avgang, men tanken på at denne mildt sagt etterlengta turen skulle gå i dass på grunn av at eg ikkje rakk flyet frå OSL fekk fart på dei stive lemmane.
Det gjekk heldigvis og sjølvsagt utan problem, og eg sat meg ned i 3C, og flytta seinare til 4F. Vindusplass er best i mine auger, og eg får dei finaste naturopplevingane mine frå eit flysete.
12 av 24 seter i biz-kabinen var besatt, og etter at ein av passasjerane fekk levert den gjengløymde tableten sin, pusha vi nokre minutt før tid.
Ganske snart kom det eit matbrett, som på ingen måte var noko å hoppe i instrumentpanelet for. Den flighten eg hadde i SAS Plus før sommaren (riktig nok ettermiddagsmåltidet) var fullt på høgde. Det tok også ei god stund før eg fekk vatn og kaffi til maten, då ho som køyrde den tralla blei ståande å prate med ein passasjer ganske så lenge. Men maten gjekk ned, eg såg utover det eg trur må ha vore Tyskland, og eg fekk spørsmål om eg ville ha noko meir. Med fem timar i FCT tenkte eg at eg kunne spare litt krutt til då, så eg forholdt meg roleg.

Herleg sjølvmotseiing på do
Flytida var 1.45, og med berre ein markert sving i innflyginga landa vi nesten ein halvtime før rutetabellen, og var parkert 19 minutt før oppsatt tid sjølv om vi landa "feil veg" på den enkeltståande rullebana og måtte takse heilt tilbake.
Heldigvis var vi på remote stand, og det sto ein glinsande Mercedes og venta. Kabinbesetninga sa til meg at bilen sto klar på veg ut, så dei hadde god kontroll.
Eg delte bil saman med to andre, og den fyrste blei satt av ved terminal A, og då hoppa eg og av. Sjåføren ville ta meg vidare til terminal B, men eg hadde gjort researchen min og ville av. Eg strena gjennom ankomstområdet, og tok til venstre slik fleire gode rapportar og guidar har informert om.
Eg kjente igjen fotgjengarfeltet, taxiparkeringa og kaffi-sjappa, før eg såg The Holy Land openberre seg litt lenger framme. Då skal eg innrømme det blei nokre selfies.
Etter den berømte heisen blei eg tatt fint i mot, og ført gjennom verdens høfligaste sikkerheitskontroll. Dama spurte om eg visste at dei kom og henta meg når neste fly skulle gå, og eg svarte at ja, det hadde eg fått med meg. Sannheita er vel eigentleg at eg har lest 200 tripreports der dette er grundig omtala.
Å komme inn i FCT var nesten som å komme til ein plass eg hadde vore fleire gongar før, igjen på grunn av litt grundig research. Det var mykje folk her, og eg tenkte fyrst at her er det mange som er flinke til å dra Trumf-kortet før dei brukar AmExen til å betale for fiskepuddinga på Kiwi! Eg trur riktig nok mange hadde flightar ut rundt 13-14, for det blei ganske tomt etter kvart.
Eg tok fyrst ein liten lunsj og diverse spekemat i restauranten, før eg søkte det hjørnet der ein enorm barnefamilie hadde slått leir. Det var greitt å bli minna på korleis livet mitt eigentleg er. Etter litt bobler og ein weissbier seig eg over til sigarloungen for å ha gjort det også. Sigarerfaringa mi strekk seg til litt misbruk i ungdomstida, men eg fekk no fyr. Med eit raust glas Cabernet Sauvignon vart det ei fin stund her inne.
Derifrå gjekk det vidare til oppfriskingsavdelinga, og badekaret var ledig. Eg spurte om det var mogleg å ta med seg ei øl frå baren i karet, og det var det absolutt. Så då la eg meg ned og høyrde på Åge, og sjølvsagt "Min dag". På veg ut spurte eg ho som styra med dusjavdelinga om eg fekk lov til å ta med anda til mi vesle dotter (som på ingen måte har bedt om ei badeand frå FCT), og det var ingen problem.
I mangel på noko betre å ta seg til, gjekk eg til restauranten igjen. Biff var eit naturleg val på carten, og den smakte bra.
Ein liten time før avgang såg eg til mi forskrekking at 25 grader og sol var bytta ut med ei haglskur som meinte alvor. Eg takla det på best mogleg vis med å ta ein slurk bobler, og berolige meg med at eg ville bli køyrt nesten heilt til døra.
Så blei eg henta, og tatt ned ein etasje. Eg delte Mercedes med ein HON-kar som reiste mellom Europa og USA ein gong i veka, og så langt i år hadde hanka inn 500 000 miles. Han var like entusiastisk over bakkeproduktet til Lufthansa som eg var, og var ikkje i tvil om at det var HON-status som gjaldt.