View Single Post
Old 06-08-2014, 11:11   #7
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: First og fremst for fun



Her var alt like hyggjeleg som sist, og med fire timar eller så tilgjengeleg drog eg igjennom same program som sist.


Fristande, men man kan da ikke sove i en sådan stund.





Etter kvart som klokka nærma seg avgang Brussel, lurte eg på om eg skulle gøyme meg ein lur plass for så å aldri forlate denne staden. Men dama kom før eg fekk gjort det, og ho førte meg ned til Cayennen og sjåføren. Han fortalde at bilane blei bytta ut ved rundt 25000 km, og at dei stort sett berre fekk brukt hestekreftene når bilane skulle ut av flyplassen for vask. Eg hugsar ikkje om farstsgrensa inne på området var 30 eller 50 km/t, men Prosche-motorane likte vist ikkje så godt å berre putre rundt slik. Eg kom fram til Embraeren, og fekk mitt vindaugssete og innsåg at alle flyturar etter dei to siste vil vere litt stusselegare enn før.





Det er kort flytid til Brussel, men det kom ein liten matbit og ei øl. Eg fullførte vel ikkje, og døsa litt av på veg inn.





Vi var vel på gate noko etter tid, og eg peila meg inn på Brussels Airlines sin lounge, for å teste noko nytt. Den var midlertidig flytta ned på bakkeplan pga oppussing så langt eg kunne oppfatte. Den var heilt grei med eit anstendig smårett-nivå, sjølv om den var ganske folksom. Eg tok ei suppe, cola og sjølvsagt ei Leffe frå ei mini-tappekran.



Etter ei stund fann eg ut at eg heller vill sitte i SAS-loungen betre, spesielt på grunn av betre utsikt. Så då blei det ein dryg time her også før SN-flighten gjekk rundt 20.45.





Eg må seie eg likar BRU, that is etter ein er ferdig med alle trapper og underjordiske tunnellar, som eg riktig nok slapp ettersom eg var i transfer i same terminal.



På Brussels Airlines var det rask ombordstigning og behageleg beinplass på 1A. Ei rad med business og tre mann gjorde det ikkje spesielt trangt. Men det virka som det var mykje folk om bord elles. Eit glas kvitvin fekk eg før avgang også. Men så var det slutt for min del, og eg hugsar ingenting før vi landa i Oslo.



Der blei det buss-transport inn og ekstra passjekk på grunn av den mykje omtala terrortrusselen som sto på desse dagane. Taxfree og flytog-taxi heim, og i seng 01.00 etter dette.



Etter å endeleg ha prøvd Lufthansa First sit ein jo att med ei tom kjensle, og har ikkje noko meir å drøyme om her i livet (Singapore F er vel ikkje vits å tenkte på ein gong). Som flyoppleving er både bakke- og luft-servicen heilt upåklageleg i mine auger. FCT er vel kanskje det kulaste med Lufthansa First. Business hos Lufthansa i Europa er ikkje mykje å trakte etter, langt mindre betale for så lenge ein har Gold. Om det er verdt å betale for First? JA, så lenge ein har mykje pengar. Takk for meg!
AndersE is offline   Reply With Quote