Re: Reiseåret 2012 hva ble totalen.
Det vart då litt reising i år; ikkje så mykje (trudde eg, før eg summerte opp...). Har stort sett fått meg ein USA-tur dei siste fem åra; i år vart det ikkje. I tillegg vart ein Stockholmtur og ein tur til Slovenia stroke frå programmet pga. tid/nytte-vurdering. Og egentleg var eg tenkt ein tur til til Førde no i romjula, men droppa det også. Elles er innanlands (dyrt) ca 50/50 fritid og jobb (Nordnoreg-turane er jobb) og utanlands (billeg) er jobb.
Dette er første året eg har sånn høveleg alt nedskreve. Prøver meg på TripIt, men ser at importen har vore litt sånn delvis. Mangla ein to-tre turar som eg måtte legge inn no. Trur eg har det på stell etterkvart.
SAS: 21 - B737-?00, CRJ900
Widerøe: 13 - Dash 8 100/300/400. (Trur det var ein -300 på ein Andøyatur)
KLM: 2 - E190
Norwegian: 6 - B737-800
Transavia: 1 - B737-800
Air France: 2 - Airbus 321
Totalt: 45 legs, fordelt på 14 turar... Sju av turane er privat, alt innanlands.
Dette har teke meg til eller innom fylgjande flyplassar: (Tal i parantes er kor mange gangar flyplassen var destinasjon/avreise).
FDE (3), FRO (1), BGO (3), OSL (2), TOS, ANX (3), BOO, TRF (1), NAP (1), CDG, BRU (1), AMS, CPH. Og TRD som utgangspunkt, naturlegvis. Hadde ei mellomlanding på EVE på veg til ANX ein gang, men det tel vel knapt.
Intet nytt på flytypefronten (trur eg hadde ein tur i CRJ tidlegare), men Transavia er nytt selskap. AF er forsåvidt nytt intra-europa, som som nemnt tidlegare var ca forferdeleg trangt.
Av destinasjonar er Napoli og Brussel nytt. Florø har eg ikkje vore innom sidan sist WF flaug der, men måtte dit pga. krøll i samband med ein Førde-tur.
Av oppstillinga over ser eg at eg GLATT ynskjer meg bonusopptening innanlands igjen, sidan eg då hadde vore skrekkeleg nær EBG berre på antal segment. Hadde nok ofra eit par av DY-turane då. Jaja, får vel ikkje vere bitter
Det som er nesten like artig, er flystatistikken til mini (som pr. no er 14 mnd).
Widerøe: 9
DAT: 2
SAS: 7
Totalt 18 legs.
(Norwegian fekk han med seg rett før nyttår i fjor)
Dette er seks turar, som gjekk til FDE/FRO (2), BGO (1), TRF (2) og RYG (1).
Lett å sjå kvar pengane har gått i år, gitt...