Eg har eit på sett og vis "unyttig" spørsmål om rutetidene frå WF. Til/frå Førde, så er ein del ruter oppgjevne med veldig "nøyaktige" tidspunkt anten for avgang eller landing. Til dømes er avgangar frå OSL alltid (i utvalget eg har sett på) på ti-minutt eller fem-minutt. Så varierar oppsett rutetid mellom 1 h og 1:02 h. Kvifor er det slik? Reell flytid er uansett rundt 50 minutt. På avgang frå FDE så er det igjen ein del tidspunkt som har avgang på :x2 eller :x8 eller slikt, og rutetida er sett slik at flyet skal lande på ti- eller fem-minutt (gjerne 60 eller 57 minutt flytid). Kvifor er det slik? Trur det vart slik etter for to eller tre anbudsperiodar sidan.