For meg som ikkje arbeider i flybransjen, men i anna konkuranseutsett verksemd, så verker det som ein del har litt vanskar med å sjå konsekvensane av at verda vert mindre og mindre.
I alle bransjar så er det slik at det er den med det lågaste kostnadsnivået som vinn over tid. Du kan utsetje dette ved å levere eit produkt som er litt annaleis, men det held som oftast ikkje så lenge, fordi den med lågast kostnadsnivå også kan levere dette rimelegare.
Enten ein likar det eller ei, så vert konsekvensen, at kostnadsnivået i ein bransje som dette vert styrt av andre land enn Norge.
Eg er derfor heilt sikker på at dersom DY skal lukkast med longhaul, så må dei bruke mest mogeleg mannskap frå lavkostland, og kjøpe mest mogeleg tenester der det til ei kvar tid er billegast. Alternativet er at eit anna flyselskap konkurerar dei ut.
Vi kan sjå kva som er situasjonen i feks shipping, for å sjå kva som vert biletet om nokre år.
Så mi trøyst til de som bor i Norge og jobbar som flygande personell, er at det vil vere gode jobbar for dei beste, men at gamle funksjonar og haldningar står for fall. Så får vi like det eller ei, men slik verker marknadskreftene i ei lita og krympande verd.
Det ekstra paradokset når det gjeld flyging, er at det er den som er det sterkaste verkemiddelet for å krympe verda, og som derfor skapar mange arbeidsplassar, men få i Norge.
Eg synest at det er kjempeflott om ei norsk verksemd kan bite seg fast i dette, og dermed skape norske arbeidsplasser innanfor bransjen, sjølv om det blir få som er flygande. Lykke til!