Re: Hvilket år hadde du din første flytur ?
Første gang i lufta var truleg med Airlift (?) helikopter under dei eksotiske Hyllestad-dagane, anten seint '80-talet eller tidleg '90. Når hugsar eg ikkje. Rundflyging frå ei brygge, rundt eit fjell og litt til. Hugsa det kitla godt i magen. Vi hadde med ei med ein (veldig) liten unge, så difor vart turen litt kort.
Første skikkelege tur var med WF frå FDE til OSL, august (?) '99 på veg til førstegangsteneste. I dei dagar var det alltid opa dør til cockpit så ein kunne sitte å sjå fram på leit etter rullebana.
Så vart det vidare til BDU med eitt-eller-anna SK, meinar å hugse det må ha vore Boeing; DC-9 og MD vart det først seinare. Avgang frå militærterminalen. Hugsa det var ein lang (og etter mitt syn unødvendig) busstur rundt heile flyplassen for å komme frå sivil til militær del. Og eg hugsar vi fekk varmmat på tur oppover! Meget fint flygeveir.
På første perm-tur heimatt reiste eg saman med ein kar eg traff i Bardufoss, som hadde jobb som progge-fyr på OSL, og fekk ei omvising rundt om kring der. Hugsar ikkje så godt kva vi såg på. Men utan han hadde eg "aldri" funne døra ned til WF-terminalen... Veldig triveleg kar, hugsar desverre ikkje kva han heitte.