Eg er ikkje heilt stødig i alle detaljar, men vi har vore borti dette ifbm. jobb. Generelt skal ein ha løyve frå NSM for å drive filming frå lufta. Dette vart jo endra litt siste år, dei tillet no filming frå droner som ein har innanfor line-of-sight. Sikkert for å få ned søknadsmengda... Men ballongar er jo beond-line-of-sight, og difor søknadspliktige til NSM. Det er ein ting. Og så er det også regelverk for flyging over 300 meter. Om eg hugsar rett, så skal ein søke om ballongferder som _ikkje_ er fortøyd til bakken og under 300 meter. Og om ein er nær svenskegrensa skal ein ha overflygingstillatelse. Det er vistnok litt viktig... Til slutt så er det ei klassifisering av ballongnyttelasta, etter tettheit. Det har jo litt å seie kor kompakt saken er når den ramlar ned igjen...
Det er jo ein del som har laga slike ballongar, dei fleste er kids og dei har neppe papiret i orden. Om det er eit probelem? Tja... Sjansen for at ballongen skal komme i vegen for eit fly anten på opp- eller nedstiging er jo minimal. Men om det skjer kan konsekvensane vere enorme. Folk som jobbar med rissikoanalyse veit sikkert kva klassifisering denne rissikoen får. Liknande ballongar flyg jo mange gangar om dagen frå veldig mange stadar i landet for gjere meterologiske observasjonar.
Eg synst jo slike eksperiment er veldig spennande og fengande. Det er bra at folk har interesse både for jorda, atmosfæra og rommet, og klarer og få til artige ferder med god planlegging og tilstrekkeleg utstyr. Eg trur regelverket er meget kronglete, generellt sett heilt ukjent og fullstendig ignorert

. Så kan hende det kunne vore tid for ei tilpassing, også på ballongsida.