No har eg vert medlem av forumet ei stund, og storkosa meg med mange av tripraportane som ligge her inne. Har tenkt på det i det siste at det er på tide å levere noko sjølv også, så kva er vel betre enn å starte med ein raport frå den ruta eg nyttar ein del. Dessutan er det ikkje alt for mange WF raportar her, i forhold til antall SAS og DY raportar. Håpar dokke kan vere snille med meg sidan det blir mitt første forsøk, konstruktive tilbakemeldingar tas imot med takk!
FDE-OSL
11.08.2011
WF126
Bombardier DASH 8-100
Load: Ca 80%
TO kl. 16.38
Turen starta med flybussen frå Førde rutebilstasjon. Flybussen herifrå går alltid akkurat ein time før flyet. Turen til flyplassen tar ca 15-20 min. Noko som gir rikelig med tid til innsjekking og sikkerhetskontollen på ein så liten flyplass.
Kom meg gjennom begge delar utan problem, so då var det berre å sette seg ned å surfe litt på nett imens ein ventar på boarding. Etter litt venting var det tid for å boarde, noko som er fort gjort på desse små flya. Vi kom oss opp i lufta på tid, og sjølv om været var kjempeflott så rista det ein del før vi kom oss opp på cruise. På grunn av været fekk vi også kjempefin utsikt av sognefjorden og fjella rundt! Det bråkar og ristar generelt mykje meir i desse småflya enn større maskiner, men til gjengjeld får ein ein heilt annan følelse av å fly enn når ein flyr f.eks A330.
Turen nedover gjekk fort unna, og etter ein halvtime i lufta vart innflyginga starta. Flott utsikt over Sperrilen og Randsfjorden inn mot Gardermoen, ei fin innflyging og smooth landing 45 min etter take off. Ein 45 minutts flytur tilseier at vi landa ca 15 min før rute, noko som er ein av dei raskaste turane eg har hatt nedover. WF bruker den ytterste delen av innlandterminalen, så det blir ein relativt lang gå-tur for å komme seg ut til bagasjen. Kofferten dukka opp som ein av dei første, og då var det berre å sette kursen mot flytoget for å komme seg inn til Oslo.
OSL-SOG-FDE
13.08.11
WF125
Bombardier DASH 8-100
Load: 100%
TO: ca kl. 14.50
Etter eit par dagar i tigerstaden var det på tide å vende heimover. Lørdagar har WF berre to avgangar til Førde, der den eine har ei mellomlanding i Sogndal. Eg hadde aldri tatt fly til Sogndal før, så denne ruta måtte sjølvsagt prøvast. Var på Gardermoen ca 2 timar før avgang, hadde dermed god tid. Kom meg raskt gjennom innsjekk og sikkerhetskontroll, for øvrig første gong eg har opplevd at det ikkje var noko kø i sikkerheitskontrollen. Gjekk rett til gate, og brukte tida fram til avgang til å surfe litt på nett. Avgangen vart ca 15 min forsinka (skulle eigentleg tatt av kl 14.35) pga seint innkomme crew, men denne forsinkelsen var tatt inn igjen når vi landa i Førde.
Ein del skyer når vi tok av frå OSL, men når vi nærma oss vestlandet klarna det opp, og vi fekk ei flott innflygning mot SOG. Kjempefin utsikt mot fjell og fjord her også, og ein del turbulens før landing (termisk?). Dei som skulle av i Sogndal (ca halvparten) kom seg raskt av, og vi kom oss vidare etter ca 5 min på bakken. Det var tydelig viktig å komme seg raskt vidare for å ta inn igjen forsinkelsen.
Det lille hoppet mellom SOG og FDE vart annonsert til 12 min, noko som ville bli min desidert kortaste flytur nokon sinne. Synst eigentleg at dette var ein ganske artig tur, og vi fekk nok ein gong veldig god utsikt mot den vakkre naturen her på vestlandet. Eg er glad vi var heldige med været denne dagen. Vi landa som sagt på tid, eg fekk bagasjen raskt , dermed var det berre å takke for turen med WF og sette seg på flybussen ned igjen mot Førde rutebilstasjon.
Prøver å legge med eit par bilder også, satsar på at eg får det til