Var på ein lokal pub/kebabplass i Trondheim på torsdag, og ved det andre bordet med folk sat det to karar som skulle lure ein tredje inn i noko som høyrdest ut som eit slags pyramidenettverk for flyreiser. Argumenta var i retning "du kjenner jo så mange som reiser mye", og "du kommer til å tjene f* så mye penger", "selskapet har 3-dobla omsetninga fra i fjor" mm. Dei spela også ein reklamevideo på full guffe, men eg fekk ikkje heilt med meg kva dette konkret var. Eg synst generellt litt lite om sånn, det plar vel å vere lureri. Noko som har greie på dette?