Oslo - Røros. Nytt anbud
http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd...yruta-roros-oslo.html?id=685750&WT.tsrc=epost
Blir spennende å se hvem som hiver seg på dette. Står det mellom WF og DAT her mon tro?
Vi lyser no ut anbod med krav til auka kapasitet og større fly for å sikra eit godt flytilbod for folk og næringsliv på Røros, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod på drift av flyruta mellom Røros og Oslo for perioden 1. desember 2012 til 31. mars 2016. Anbodet er lyst ut i heile EU/EØS-området og flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levera anbod.
Det nye anbodet på flyruta frå Røros kjem som ei følgje av at anbodet som blei lyst ut 25. august 2011 vart avlyst, dette med bakgrunn i ei revurdering av trafikkstandarden på denne ruta. I det nye anbodet er det sett krav til auka kapasitet, fly med minst 30 sete og trykkabin.
For å sikra eit kontinuerleg flytilbod vil dagens operatør fly vidare på ein midlertidig avtale til ny anbodkontrakt trer i kraft 1. desember 2012.
Frist for innlevering av anbod er sett til 14. august, 2012.
http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd...yruta-roros-oslo.html?id=685750&WT.tsrc=epost
Blir spennende å se hvem som hiver seg på dette. Står det mellom WF og DAT her mon tro?