Dette er min første trip-report her på sida, og dessverre utan bilete. Men sidan det var ein såpass lang tur, og med så mange forskjellige flyselskap involvert, tenkte at eg det var informativt med ein TR likevel. Eg tenkte å ta ein rask gjennomgong av turen først, og så gå meir detaljert inn på sjølve flyetappane etterpå
So, here goes:
Tidleg i haust begynte eg og madamen å tenke på ein tur til Asia i desember. Eg skulle forsvare masteroppgåva tidleg i desember, og ho var ferdig med praksisdelen av sin PPU-utdanning, så vi hadde begge nokre veker fri før julefeiring.
Planar vart utforma, og visa-kortet henta ut av lommeboka. Vi fekk bestilt tur Oslo - Doha - Saigon med Qatar Airways, som første del av turen, der vi skulle tilbringe fire dager.
Dette gjekk heilt utmerka, og vi vandra rundt i byen, besøkte krigsmuseet og spiste forskjellige smårettar langt gatene i Ho Chi Minh.
Etter nokre dagar her gjekk ferden vidare til Kuala Lumpur med Malaysia Airlines. Dette var mest tenkt som ein stopover på ferden til Krabi i Thailand, men pga dårlege connections, bestemte vi oss for å ta eit døgn her, som vart tilbragt på Le Meridien rett ved sentralstasjonen. Dette var eit meget effektivt valg, sidan vi då brukte tre minutt frå toget til vi kunne sjekke inn på hotellet.
Etter ein liten halvtimes kvil på senga, så bar turen ut til sentrum av Kuala Lumpur, der vi mest vandra gatelangs for å sjå mest mogleg på den kvelden vi hadde til rådighet. Nokre bilete av Petronas Towers vart knipsa, og madamen var ivrig på å knipse bilete av alle julelysa som dei hadde pynta forskjellige tre og restaurantar med i denne byen. Artig.
Natta kom fort, og neste dag bar det vidare til Krabi. Denne etappen var det Air Asia som stod for, og flashbacka til Ryanair-flighten vi hadde i desember i fjor frå Rygge til Dublin kom fort. Uansett, flyet tok av, fløy, og landa i Krabi. Ein kort buss- og longboat-tur seinare var vi framme på Railay Beach. Ei veke på Railay Beach Resort & Spa var rett og slett fantastisk deilig. Når eg skal ha strandferie, vil eg ha minst mogleg bråk og mas, og mest mogleg sol og god mat. Det fekk vi her.
I slike omgivelser går dessverre tida alt for fort, så etter ei veke måtte vi pakke saman, og vende nasa heimover. Først bar det til Bangkok med Thai Airways, før Qatar Airways tok oss siste etappe heim til jul.
Det var ei oversikt, så no tenkte eg å skrive litt meir om dei forskjellige flightsa.
FLIGHT 1: QR954, A330-200
OSL - DOH
06.des 2011 15:00
Første flight skulle altså ta oss frå Oslo til Doha. Sidan det ikkje var mogleg å få nødutgongseter når vi sjekka inn, bestemte vi for å ta oss ein tre-seter i midten bak i flyet, og sjølv om økonomi var nest heilt fullt, var ein av dei få setene som var ledig på vår tre-seter. Ein god start. Hyggelege CA gjorde ting betre, og i tillegg var maten overraskande velsmakande for å vere flymat. Vi gjekk begge for ein vegetarrett, som var ein slags purê av grønsaker.
Sidan det var ein dagflight, så gjekk resten av turen med til å sjå eit par filmar, og det føltes ikkje som lange tida før flyet tok i bakken på Doha International Airport. Som dei fleste her sikkert er kjent med, får ein med ein konvolutt rundt billettane sine, som har ein gitt farge avhengig av kor ein skal vidare. Første terminal vi kjem til er "blå", som er ankomstterminal, og her kjem ei hyggelig dame om bord og seier at dei med "blue pass should enter this terminal". Derpå ein full nordmann i 20 åra roper tilbake på norsk at "jeg har et rødt pass", og refererer til sitt norske pass. Flaut.
FLIGHT 2: QR616, 777-300ER
DOH - SGN
07.des 2011 01:20
Uansett, så kjem både vi og den fulle herremannen fram til den "gule" terminalen, som tar seg av transfer-pax. Sidan vi skal igjennom eit ny sikkerhetskontroll, er det boarding rimeleg rett etter at vi er ferdig med dette.
Inn i dette flyet har vi setene 20A og 20B, og her får vi ein passasjer ved sidan av oss, men sidan flyet var fullt, var det ikkje mykje anna å forvente. Etter take-off, så får vi ein enkel sandwich og noko drikke, samt eit klistremerke som vi kan klistre på seteryggen. Dette for å vise om vi vil bli vekket når det er matservering, eller om vi vil sove igjennom maten. Sidan eg har ei meget høg forbrenning, så likar eg å ete når eg kan, så eg klistra på "wake me for meals" på min seterygg. Men til min "skuffelse", så våknar eg på mellomlanding i Bangkok utan å ha fått mat. Men det at vi straks er framme, tek seg av denne skuffelsen. Etter at dei som berre skulle til BKK har gått av, og nokre frå sjeler som har tenkt seg frå BKK til SGN kjem på, tek vi av igjen for dei siste kilometerane til Ho Chi Minh.
Eg søv som regel dårleg på fly, men gode seter og god beinplass på flya til QR gjorde at eg fekk litt blund på auga. Det vart ikkje ei fullgod natt søvn, men nok til at eg kom meg greit igjennom dagen i Vietnam.
FLIGHT 3: MH751, 737-800
SGN - KUL
11.des 2011 11:00
Etter nokon dagar i Vietnam bar det som sagt vidare til KL. Denne flighten gjekk med Malaysia Airlines. Ein kort taxitur frå hotellet i Saigon, der sjåføren elegant manøvrerte seg mellom alle mopedistane, kom vi til flyplassen. Denne var liten og enkel, og innsjekken gjekk fort og smertefritt, slik at vi kunne rusle bort til gate, og vente på flyet. Ein rask boarding seinare, og vi kunne sette nasa mot hovudstaden i Malaysia. Flyet var nytt og fint, som hos Qatar, og det var ein fin flight med hyggelege CA.
Problemet derimot oppstod når vi kom fram. Når vi skulle gjennom immigrasjonen, stilte vi oss opp i køa som alle andre, berre for å oppdage at når vi kom fram, hadde ikkje flyselskapet gitt oss "immigrasjonspapir", slik at eg vart nødt til å gå ut av køa for å hente meg ein slik lapp for å skrive på kva mitt formål med turen var osv. Dama derimot, fekk ein lapp av immigrasjonsoffiseren, og kunne skrive på det der, og derved sleppe å gå tilbake for å hente lapp. Var det nokon som sa likestilling ?
Uansett, tilslutt kom vi oss ut, og alt i alt var det ein bra flyopplevelse å fly Malaysia Airlines.
No merkar eg at batterien på PCen nærmar seg slutt, så eg får ta resten seinare.