Re: København (hotell m.m. - samletråd)
Med tanke på mat var me så heldig å bu ein lengre periode i KB tidlegare i år, middag på restaurant kvar dag. I lengda kanskje ikkje heilt supert, men fekk nokre favorittar. Kan anbefale å sjekke ut AOK, men her er nokre tips;
Torvhallerne var heilt supert, eit utall mange mindre sjapper som hadde mykje forskjellig. Vår favoritt vart Grød, ein plass som laga ulike formar for graut på ein særs smakfull måte (risotto er visst òg graut). Passer best til lunsj/enkel middag.
Me var der under Copenhagen Dining Week, eit heilt supert konsept som gjorde at me fekk prøvd ein heil del restauranter (men har igjen å prøve Noma..), og ei "kjede" av restauranter som gjorde eit veldig godt inntrykk var Cofoco. Me prøvde Høst, finare mat som kostar litt, men heilt klart valuta for pengane og Scarpetta (begge filialane), som var litt enklare, men framleis heilt supert.
Elles var Tight eit godt alternativ til dei mange restuarantane ved Strøget. Dei serverer mykje det same som dei ved Strøget, og folket er stort sett turistar, men dei lagar maten særs mykje betre enn turistfellene.
Halifax burger fans fleire stader, og serverte av dei betre burgerane eg har ete, og mange spanande kombinasjonar. Var ok stemning og maten kom fort, så heller der enn Mac eller BK for vår del. Den eine filialen ligg rett ved Studiestræde, saman med mange andre enkle og billige, men særs gode lunsjrestauranter som heilt klart bør prøvast.
Søren K ved Kongelig Bibliotek var bra, men dei klarte likevel å servere bordfrua gluten trass i at ho klart gav beskjed om cøliaki. Når dei fyrst av alt øydeleggjer ein dag av turen, og i tillegg knapt nok seier unnskyld for dette hamnar dei på svartelista mi..
Elles er ein artig kuriositet Posthusteateret, http://www.posthusteatret.dk/, ein liten kjellarkino i fransk stil som starta opp på 70-talet og ikkje er pussa opp sidan. Triveleg plass.