Re: Hvilke flyplasser, flytyper og flyselskaper har dere flydd?
Sidan eg nettopp har levert årsoppgjeret, skal eg sjå om eg greier å finne eit bilde på totalen. Har ikkje ført statistikk, så dette er fritt etter hugsen... Første flytur var i august 1999 med WF frå FDE til OSL, det hugsar eg iallefall
SK: DC-9, MD-8x, 737 (alle typar, vil eg tru). Airbus trur eg ikkje
SAS Commuter: F50
BU: 737 (mange versjonar, veit ikkje kva for)
WF: Dash 8 -100/300/400
Norwegian: 737 -300 (trur eg) og -800
KLM: E190, 777, kanskje noko meir også. Kanskje AMS - SFO for 7 år sidan var MD-11.
AF: A32x. Noko stort av uviss type mellom Paris og Singapore. Veit ikkje kva. Truleg Airbus.
Transavia: 737-800
Alitalia: MD-8x, kanskje. Har eit svakt minne om trapp inn i halen på ein ikkje-norsk flyplass
Ryanair: 737-800
Lufthansa: uvisst. Kun intra-europa
Air Canada: 777 eller 767, trur eg. Også noko mindre innanlands i Canada. 737?
Continental: 757
Continental Express: Embraer, type gammal og trang. Ikkje E-jet
Delta: uvisst. Mellom AMS og Atlanta. 767 mellom Atlanta og Salt Lake City, trur eg. Også narrowbody.
Icelandair: 757
Qantas: ukjent widebody og ukjent narrowbody
Jetstar: 737, trur eg
Artic Sunwest: DHC-6 Twin Otter med floats til Norwegian Lake
Premiair: ukjent widebody. Airbus, vil eg tru.
Mytravel: ukjent widebody. Airbus, vil eg tru.
Spanair: A32x
Virgin Blue: narrowbody
Totalt om eg hugsar rett: 23 levande/utdødde selskap. Rakk aldri Color Air (flaug ikkje før dei gjekk dukken, hugsar tildekka skrankar på OSL første gang eg var der), NAS med F50 eller Coast Air.
Verdt å hugse er DHC-6, F50 i nordnorge om vinteren (alltid spesiell og god stemning ombord), DC-9 og MD-80. Av widebody trur eg at eg har flest turar i 777, som er grei nok. Har stort sett berre langt-bak-turar, bortsett frå ein premium economy med Delta. Då sov eg i fem timar, mot ca ein normalt sett... Og ein med Saga Class med FI.
Destinasjonar:
Norge (12):
FDE, FRO, BOO, TOS, BDU, ANX, BGO, OSL, SVG, TRF, RYG, TRD, SOG (?)
Har vel også mellomlandingar på EVE og SOG uten å gå ut av flyet... Men trur eg har begynt eller slutta på SOG ein gang.
Europa (12):
Destinasjon: Roma, Brussel, Napoli, Bari, Stockholm, København, London (STN), Luleå, Kos, Tenerife, Gran Canaria, Riga.
Kun transfer (7): Paris, Milano, Amsterdam, Frankfurt, Munchen, London (LHR), Reykjavik
Verda (11):
Destinasjon: San Francisco, NYC, Salt Lake City, Halifax, Boston, Yellowknife, Lutsel'ke, Brisbane, Sidney, Cairns, Christchurch
Kun transfer (3): Atlanta, Calgary, Singapore
Ynskjer meg ein (siste) tur med MD-80, første med 747 og A380, meir C-klasse (må ha ny jobb isåfall) og fleire spennande destinasjonar... ATR og F70/100 hadde også vore kjekt å fått prøve.
Dei fleste destinasjonane over her er vel kjenningar for mange, men eg lurer på kor mange fleire her som har vore i Lutsel'ke? Yellowknife er kanskje heller ikkje så veldig frekventert... Kanskje eg skal skrive ein liten reiserapport om turen som tok meg dit...