Re: Ditt reiseår 2011 -- Hva ble totalen?
Steik, det er mange av dykk som reiser mykje!
For min del vart det rekord i år, med 52 flightar og EBG-status for fyrste gong. 33 reiser i jobbsamanheng og 19 eigenbetalte, 40 i eco og 12 i business.
60.000 miles og 133 timar.
Selskap:
SAS: 22
Norwegian: 9
Lufthansa: 4
Thai: 4
Ryanair: 4
Continental: 4
Widerøe: 3
Air New Zealand: 2
United: 1
26 flyplassar, der OSL, CPH og TRD er topp-tre. Nye er BKK, AKL, WLG, ORD, EWR, OKC, AAR, MAN, DUB, GVA, MXP, MUC, ALC, BUD og OSY.
13 flytypar, der 737 sjølvsagt toppar med 30. Nye typar vart 777 (200ER), CRJ (til SAS) og ERJ 145
Beste oppleving: OSL-BKK-AKL og tilbake med Thai i business - mi fyrste reise i business, nok poeng til gull, og mange timar med veldig trivelig flyging. Også CPH-ORD-ARN i business var fine turar.
Verste oppleving: IAD-OKC i ein United-CRJ - forseinka og heilt tom for noko som helst anna enn cola og vatn (noko eg hadde eit veldig behov for etter å ha fått lite mat sidan OSL ombord i Continentals economy).