Burde Florø fått lengre rullebane?

Re: Burde Florø fått lengre rullebane?

Huff, eg burde jo halde meg unna her, men greier berre ikkje. Sorry. Dette er jo ein evig diskusjon som eg ikkje fattar kvifor kjem opp. No er jo FRO på veg til å bli ein plass uten anbudskontrakt, uansett, kanskje. Og så er det dette med reisetid til flyplass i SF&J samanlikna med andre stader. Som andre over prøver å få fram, så kan ein frå indre austlandet sette seg i bilen, køyre to timar og så vere 0 eller 1 stopp frå nesten heile verda. Billeg med to timar i bil er det og. Minst ein time i bil til bygdeflyplass, venting, ein time i fly til OSL +++ gjev tilsvarande eller lenger reisetid og mykje større kostnad.

Og argumentet med at til dømes Sogn og ytre Sunnfjord kan reise til Sogndal... Det er jo berre tull. Ingen gidd å køyre i over to timar, kanskje inkl. ferje, når ein kan på tilsvarande eller kortare tid hamne i Bergen (også inkl. ferje). Om til dømes Førde forsvinn (noko eg aldri trur kjem til å skje med det første) vil Bergen ta dei fleste passasjerane.

Og kvifor i alle dagar er det logisk å plassere ein evt. "stor" flyplass i Florø? Førde er hakket nærmare sentrum av fylket; om 40 min i bil er akseptabelt for ein førdianar for å køyre til Florø (som er argumentet) så er jo det motsatte også like gyldig. Bringeland har desverre litt uheldig topografi, men det er jo nok av fjell å sprenge for å lage fylling :)

La oss iallefall aldri håpe av vi ser ein flyplass i fylket som fører til at ein får ein stk 737 til Oslo om dagen (eit setetal som tilsvarar 5 Dash8-100).

Folk i Førde/Florø og omland bør vere ganske happy; to flyplassar og rundt 10 moglege fly til Oslo og ein sju-åtte til Bergen om dagen.

Det som desverre ser ut til å vere tilfellet etter oppslag i lokalpressa i haust er at Florø har grei kapasitiet og billege prisar medan Førde er sprengt og dyrt. (Har ikkje sjekka prisar til Florø på ei stund, men til Førde er det ofte langt mellom kvar billett under 1000,- ein veg...)

Moderisering er vel og bra, og sikkert nødvendig, men eg er ikkje så sikker på om dei oftast skisserte løysingane gir det beste utfallet. Og for ordens skuld: Eg skal ikkje vere med å synse om Sandane/Førde/Florø/Hovden sidan eg ikkje har god nok greie på på geografien der.
 
Re: Burde Florø fått lengre rullebane?

Helikoptertrafikken.
Ja, det har du heilt rett i, gløymde det i farten då eg skreiv. Men 10 min (?) lenger flygetid til offshore frå til dømes Førde hadde vel funka det og.
Jaja, mykje å tenkje på. Eg håpar denne diskusjonen blir stille ei stund... Til vi har fått ferjefri E39, til dømes. Då kan vi kanskje skrinlegge litt flyplassar.
 
Re: Burde Florø fått lengre rullebane?

De ekstra 10 minuttene flygning til ENBL ville også føre til at helikopteret måtte stige mye. De flyr gjerne 3000ft og under offshore. De kan fort bli utsatt for isning om de må klatre opp og regulariteten blir dårligere.
 
Re: Burde Florø fått lengre rullebane?

Etter å ha vært innflytter i nordvest, så har jeg sett og opplevd nytten av de små flyplassene i distriktet. I et makroperspektiv tror ikke jeg en sammenslåing/nedleggelse av flyplasser er lønnsomt på sikt.
 
Back
Top