Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 17-06-2013, 23:09   #1
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Default Tre ulike flytypar og tre ulike operatørar TRD - ARN - HEL - OSL - TRD

I midten av mai vart eg invitert over til Aalto University i Espoo (rett ved Helsinki) for å bli med på eit seminar. Det har eg egentleg alltid hatt lyst til, då desse finnane driv på med mykje av det same som oss og generelt sett er veldig trivlege folk. Egentleg skulle eg ha vore på eit møte på Andøya desse to siste dagane i mai, men det møtet vart avlyst, og då var planen klar. Det å reise til Finland er moro av mange grunnar, ein av dei er jo at ein kan få endeleg prøve B717. Eg har sete nokre timar (loggbok har eg ikkje, desverre...) i diverse MD og DC-9 frå SAS dei første par åra av flypassasjerkariera mi, og eg hugsar dei som fine turar med fine lydar. Og alt anna enn sedvanlege 737 er jo også eit pluss!

I tillegg til B717, har jo SAS begynt å bruke litt forskjellige andre selskap til "småruter" også, slik som ruta TRD - ARN som iallefall i vår har gått med ein SAAB 2000 frå Braathens Regional. Det var fin pris på den reiseruta, og med berre litt over halvtimen på Arlanda såg det meget effektivt ut også! To nye flytypar, to nye selskap å flyge med. Meget bra. Eg tok ikkje sjansen å ta same returen; den gjekk litt vel tidleg frå HEL, med tanke på kva som såg ut til å bli planen kvelden før... Så det vart via taxfree, toll og bagdrop på OSL.

Så litt bilde og inntrykk frå turen. Heile greia føregår på billegaste måte, eg har ikkje noko status (hos SAS eller andre flyselskap iallefall) så det er lite fancy mat og lounge...

Eg brukte forøvrig SAS-appen (på Android) gjennom heile turen. Fungerte greit. Sjekka og skifta sete nokre gangar for å prøve å jakte ledige rader eller midtseter...

Kom ut på Værnes i god tid sidan det var lunch-tid. Det var jo særdeles lite folksomt på sjekk-inn og sikkerheitskontroll, så det gjekk fort. Saknar likevel sjølvbetent bagdrop! Kjøpte meg ein Selbuburger og åt burger og las bok medan eg såg på folk og fly på utlandsterminalen. Det var lenge til nesten fly etter vårt, med vesentleg meir folk enn dei som skulle til ARN. Kanskje nokon synst det er kjekt å vente lenge-lenge på flyet?

29. mai, SK1486 TRD - ARN. Braathens Regional. Saab 2000. 15A (trur eg)

Dette er flyet som skal ta oss frå TRD til ARN. Ser jo ganske snasent ut frå utsida. Det kom inn på rute og det vart tydelegvis litt prat ved gate. Tippar det gjekk på "rart fly", "propell", "Braathens????" osv. Personen ved gate forklarte til dei som lurte.


Vel. Flyet ser stort ut på utsida. Det er heller trangt på innsida! Tre seter i breidda er greitt; eg fekk både vindussete (obligatorisk) og midtgang samtidig! Eg skalla vel akkurat ikkje hauet i taket når eg stod iro, men det var det andre ombord som gjorde. Eg talde ikkje så nøye, men det var omtrent full brakke.


Seta derimot, var ganske greie. Minna litt om nokre av WF sine. God plass, egentleg. Om ein ser på safty-kortet, så er det tydelege spor etter Golden Air.


Annaleis motor og vingemontering enn på dei propellflya eg vanlegvis reiser med.


Hole in the sky! Saaben var ganske behageleg å vere passasjer i. Ikkje særleg til bråk og eg vil seie at det er mindre risting enn i ein Dash8-100 til dømes. Fin tur over til ARN. Det vart vel servert ein kaffikopp (trur eg), og eg las bok. Triveleg flyvertinne, men ein har jo ikkje behovet for mykje på ein så kort tur.

Det vart parkering "langt ute på jordet" på ARN. Stod vel to eller tre Saabar til, frå Golden Air eller Braathens Regional.

Ein kjapp rusletur vidare etter bussing til gate, og så var ein klar for etappe to, til HEL.

Eg vart praia i gaten og var grei og svara på spørsmål frå "svenske AVINOR", trur eg det var. Hadde ingenting anna å gjere medan eg venta.

29. mai, SK714. Blue1, Boeing 717

2+3 seter! Fine greier. Gode seter og god plass!!


Sidan eg med SAS-appen kunne sjekke seteplasseringa mange gangar i løpet av turen (siste gangen rett før push-back frå TRD), så greidde eg jammen å sikre meg eit av dei særs få midtseta på turen! Godt fornøgd. Bra plass til flaske og bok.


"Look ma', no engine!!" Det var dette då. Denne serien med fly som ikkje har motor under vinga og greier å få det heile behageleg. Mykje meir behageleg enn tildømes CRJ. Turen over frå ARN til HEL var fort gjort og med kaffikopp-service. Stille og roleg. Trur eg sat på rad 9, eller der omkring.

Espoo
Eg skjønte jo etterkvart at eg ikkje skulle til Helsinki. Men Espoo, som er nabobyen til Helsinki. Ikkje spesielt langt unna, iallefall. Vart møtt av ein kar på flyplassen, som tok meg med på busstur inn til byn. Hadde bestillt meg rom på Radisson Blue Espoo, eit hotell som såg forferdeleg ut på utsida, men som hadde fine og ganske nyoppussa rom. Eg var litt for kjapp med å svare "ja" på spørsmåla til ho som sjekka meg inn (ikkje opp...) så det vart betalt oppgradering for €15. Skulle visst få eit større rom, "lounge med snacks" og gratis filmkanalar. Sidan eg skulle vere ganske lite på hotellet var jo ikkje dette så viktig, men sidan det var så billeg fekk det vere greitt. Filmane såg ikkje gratis ut (tok aldri sjansen på å trykke inn romnummeret mitt) og loungen hadde kaffi, te og peanøtter...

Tok meg middag på hotellet, og det var knallbra, synst eg. Italiensk snert på resturanten, eg åt bruccetta til forrett og "over ripe" (eller noko slikt) filet. Trur det betydde langtidssteikt. Godt og mørt var det iallefall. Det eg har å trekke på er at servitørane ALDRI kom til bordet mitt i løpet av tida eg sat der. Så eg droppa å be om enno ein øl til og dessert.

Dagen etterpå vart det ein spasertur i området for å finne plassen eg skulle på universitetet. Det vart møter og diskusjonar som etterkvart vart avslutta på finsk vis med sauna. Eg tenkte "when in Rome..." og hadde ein veldig interessant kveld. Nachspiel på studenthybel vart det og (lengesidan sist) med eit utvalg av Grandis til nattmat... Eg takka planleggaren i meg for fly med avgang 1330 istadenfor 0930... Det einaste finnane skuffa med var spriten. Eg har jo høyrt om slikt, men øl var jo godt det!

30. mai. SK2707 HEL-OSL. Blue1. B717
Etter ein spennande taxitur med ein kar som hadde vore i Noreg på sommarski på Strynefjellet ein gang, var det tid for avreise. Nok ein gang med eit fint fly!


På veg til gate!


Snart klar til tur! Eg hadde då desverre gløymt den obligatoriske shoppinga til frøkna, medan eg igjen åt blåmuggburger og las bok... Jaja. Bra det var tur til Brussel to dagar etterpå.


Dette flyet har pynta seg i alliansefargar og skal ein eller anna stad.


"Look ma'! Here's my engine!". Jotakk. Setekartet i appen viser ikkje utsikta frå glasa, og eg gløymde å sjekke seatmap på nett. Så eg kom meg på nest siste rad; dvs. ei rad for langt bak! Fekk lov av flyvertinna å flytte meg ei rad fram sidan det var ledig likevel. Ikkje så mange på denne flighten, kanskje 60%? Så eg fekk meg to-seter rett atmed motoren for meg sjølv.


Slik vart utsikta heldigvis etterkvart. Det overraska meg kor "stille" motorane var sjølv om det var ca 20 cm mellom meg og ein av dei. B717 kan på ingen måte samanliknast med CRJ og MD80, dei to flytypane bråkar som styggen bakerst, men B717 var ganske greitt. Må berre gå inn i rekka av dei som synst desse flya er meget fine å reise med!.

Eg hugsar at eg ikkje greidde å kjenne meg igjen på innflyginga til OSL, og skulle jo sjekke det med kart seinare. Det har ikkje blitt enno...


Det finst større fly enn B717!

31. mai, SK362 OSL - TRD. 737-600/700
Eg la inn 50 minutt ekstra på OSL for å ikkje måtte stresse gjennom toll og taxfree for bagdrop mot TRD. Eg hadde nok akkuratt rukke det forrige flyet til Trondheim (det var vistnok ni andre som skulle det, inkl ei jente som var rimeleg stressa ved ankomst Oslo. Ho spurde flyvertinna ut om korleis transfer var, uten å egentleg få det rette svaret, trur eg). Tok meg god tid, handla ein Glenfidish 18 (snart tomt!) og gløymde dermed kor mykje eg kunne ha med meg gjennom tollen. Måtte sette igjen vin ved kassen. Urut, men slik er det når ein ikkje fyller opp skåpet med sprit heile tida....

Ved bagdrop såg eg lang kø, og pusta letta ut då eg fann dei sjølvbetjente. Men der vart eg jaga ifrå før eg fekk prøvd om kofferten gjekk gjennom. Det var vel ein fyr som såg den grøne stripa på taggen min. Så eg lurer på om det er slik at det ikkje vil fungere å droppe bag på sjølvbetjent, eller om det "ikkje er lov"...

Sikkerheitskontrollen var lang, men gjekk ganske fort. Eg var glad eg hadde god tid. Såg eit par personar som prøvde å snakke seg inn på fast-track, men han som stod der var steinhard.


Det einaste bildet frå fligthen er dette. Her er det flom-restar ein eller anna stad på austlandet. Intent å melde frå turen anna enn ein kaffi- eller te-kopp.

Oppsummert: SAS med samarbeidsparternar leverte sterkt med tanke på rute og gjennomføring. Servicen bak i flya er som den har vore siste åra; det er heilt greitt på så korte turar. Det var moro å prøve både Saab og 717. Fine fly å reise med, spesielt 717! Lurer på om vi kjem til å sjå meir til dei? Og skal tru om det blir meir Braathens frå TRD til hausten, ser ut som om dei sluttar å flyge no snart.

Dette vart litt lenger enn kva planen var, men eg håpar at nokon finn det litt interessant likevel!
Attached Thumbnails
Click image for larger version

Name:	Saab_2000_TRD.jpg
Views:	1112
Size:	154.9 KB
ID:	34924   Click image for larger version

Name:	Saab_kabin.jpg
Views:	1104
Size:	151.1 KB
ID:	34925   Click image for larger version

Name:	Saab_knyttneve.jpg
Views:	1102
Size:	102.4 KB
ID:	34926   Click image for larger version

Name:	saab_motor.jpg
Views:	1097
Size:	106.5 KB
ID:	34927   Click image for larger version

Name:	saab_hole_in_the_sky.jpg
Views:	1084
Size:	78.8 KB
ID:	34928  

Click image for larger version

Name:	B717_til_Oslo.jpg
Views:	577
Size:	154.6 KB
ID:	34929   Click image for larger version

Name:	B717_no_engine.jpg
Views:	575
Size:	93.7 KB
ID:	34930   Click image for larger version

Name:	B717_kabin.jpg
Views:	590
Size:	130.1 KB
ID:	34931   Click image for larger version

Name:	B717_seteplass.jpg
Views:	586
Size:	115.4 KB
ID:	34932   Click image for larger version

Name:	B717_star_alliance.jpg
Views:	580
Size:	126.3 KB
ID:	34933  

Click image for larger version

Name:	B717_front.jpg
Views:	579
Size:	142.4 KB
ID:	34934   Click image for larger version

Name:	B717_engine_2.jpg
Views:	581
Size:	82.4 KB
ID:	34935   Click image for larger version

Name:	B717_engine.jpg
Views:	577
Size:	86.9 KB
ID:	34936   Click image for larger version

Name:	737_flom.jpg
Views:	567
Size:	89.6 KB
ID:	34937   Click image for larger version

Name:	større_fly.jpg
Views:	575
Size:	104.0 KB
ID:	34938  

__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 18-06-2013, 00:46   #2
Islending
ScanFlyer Silver
 
Join Date: Nov 2009
Location: LHR
Posts: 895
Default Re: Tre ulike flytypar og tre ulike operatørar TRD - ARN - HEL - OSL - TRD

Takk for fin rapport og fine bilder!
__________________
Islending is offline   Reply With Quote
Old 18-06-2013, 11:25   #3
AirbusTrond
ScanFlyer Mile High Club
 
AirbusTrond's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Gamlebyen, Oslo
Posts: 7,512
Default Re: Tre ulike flytypar og tre ulike operatørar TRD - ARN - HEL - OSL - TRD

Takk, det var litt uvante kombinasjoner. Artig å se Braathens ! Morsomt skrevet, og flott rapport.
AirbusTrond is offline   Reply With Quote
Old 27-06-2013, 21:37   #4
posthuman
ScanFlyer Blue
 
posthuman's Avatar
 
Join Date: May 2009
Location: Stavanger
Posts: 292
Default Re: Tre ulike flytypar og tre ulike operatørar TRD - ARN - HEL - OSL - TRD

Takk for rapporten med særs flotte flymaskiner
posthuman is offline   Reply With Quote
Old 27-06-2013, 22:13   #5
Glean EBG
ScanFlyer Gold
 
Join Date: Oct 2011
Location: Norge/ litt omkring
Posts: 1,295
Default Re: Tre ulike flytypar og tre ulike operatørar TRD - ARN - HEL - OSL - TRD

Takk for flott rapport.
Jeg liker og 717 flyene til blue1 meget godt.
Glean EBG is offline   Reply With Quote
Reply


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
TRD: Tre store, noen middels og en liten Jens W Bilder & foto 8 02-07-2012 02:21
HEL-ARN-CPH-TRD februar hanswest TripReports 9 20-02-2012 23:04
Juli vid tre tre stora! CPH ARN OSL ATC Flyforum 32 14-08-2009 07:24
OSL-STN, LHR-HEL-TKU, TKU-ARN-OSL-TRD nei snøvær TKU-CPH-TRD O_K_ TripReports 7 28-11-2008 20:35
Eurobonus TRD-OSL-HEL-OSL-TRD O_K_ Reiseforum 1 31-10-2008 14:13


All times are GMT +2. The time now is 18:35.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.