Log in

View Full Version : Heimreise frå USA 2. Desember 2020 under COVID-19


LN-REF
06-02-2021, 03:42
Er litt på potta med Trip Reports da eg har to, snart tre turer til eller frå USA som eg ikkje har skreve enda – begynner med den første av desse

Trip Report frå dei seks første turane finnast på desse linkane:
Heimreise frå USA 15. April 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=151561)
Utreise til USA 26. Mai 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=151957)
Heimreise frå USA 5. Juli 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=152037)
Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=152370)
Heimreise frå USA 26. September 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=152440)
Utreise til USA 28. Oktober 2020 under COVID-19 (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=152766)

Alle desse har vert ganske så like routing med AES-OSL-AMS-ATL-MOB og motsett vei heimover, utanom en tur som gjekk via OSL-CDG-ATL

Denne siste turen derimot blei heilt annerledes kor verken ATL, AMS, Delta eller KLM var innblanda. Grunnen til det var at båten gjekk ut på jobb i Gulf of Mexico ca. ei veke før det var heimreise som da igjen betydde at det blei bytte med helikopter denne gangen

Vanlegvis flyr vi med Bristow frå heliporten i Galliano utanfor New Orleans, same heliporten som i filmen «Deepwater Horizon» Sidan Bristow har blitt slått saman med ERA, så blei vi denne gangen tilbyd helikopter frå ERA som flyr frå Houma. Var litt diskusjon fram og tilbake kva helikopter vi skulle bruke da stod mellom to AgustaWestland AW139, N811TA som kunne ta 2800lbs begge veier, eller N109DR som kunne ta 2600lbs

Før vi fikk vite avgangstider frå Houma, blei flybilletter booka frå New Orleans etter kl. 18:00 som er for seint til at man kommer seg til Europa den dagen. Dermed var plana overnatting på hotell før eg skulle fly MSY-ATL-AMS-OSL-AES neste dag med DL, KL og SK

Ut frå vår payload etter at vi hadde sjekka inn alle dagen før, blei det N811TA som var satt opp med ETA 0635 onsdags morgon. Vi ville da komme så tidleg til MSY at man kunne unngå overnatting og fly heim same dag, eg blei da booka om til MSY-IAD-FRA-OSL-AES med CO, LH og SK

UA291 ECONOMY 02DEC MSY-IAD 13:20-16:41
LH419 ECONOMY 02DEC IAD-FRA 18:00-07:55#
LH860 ECONOMY 03DEC FRA-OSL 09:50-11:50
SK1326 BUSINESS 03DEC OSL-AES 17:10-18:10

Etter fem veker om bord ser man alltid fram til byttedagen og Crew Change :D

N811TA inn for landing på «SPC» for å droppe av Onsigners, deretter gjekk den tom til en nærliggande plattform for å fule da vi ikkje tilbyr det

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport231.jpg

N811TA inn for andre landing for å hente oss Offsigners
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport232.jpg

AgustaWestland AW139 er et greitt helikopter å fly med, 3 rader med 4 seter kvar, vi var 10 samt endel bagasje som vi måtte ha i dei to ledige setene også for å få plass til alt. Alle måtte ha munnbind på samt at det var satt opp en enkel vegg mellom pilotane og vi passasjerar

Flyturen inn til Houma tok. ca. 1 time kor vi fløy over sumpen
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport233.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport234.jpg

Ankomst Houma Terrebonne Airport som også PHI flyr mange helikopter ifrå
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport235.jpg

ERA sin helikopterbase
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport236.jpg

Kor det andre aktuelle helikopteret, N109DR stod parkert
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport237.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport238.jpg

Samt mange andre variantar deriblant N547WM som er en Sikorsky S76C++
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport239.jpg

Vel parkert og ute av sjølve heliporten måtte vi vente 5-10 min på bagasjen før vi tok fatt på turen til MSY som tok ca. 55 min
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport240.jpg

Nærmar seg New Orleans med bru over Mississippi…
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport241.jpg

…med en del skipstrafikk under
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport242.jpg

Louis Armstrong New Orleans International Airport har fått en ny flott terminal som opna 6. November 2019 motsett side av flyplassen i forhold til der kor den gamle låg

Som venta var det lite folk som sjekka inn ved United denne dagen, vi blei bedt om å bruke automatar
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport243.jpg

Etter at innsjekking var ferdig, bar det rulletrappa ned til Sikkerhetskontrollen
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport244.jpg

Med lite passasjerar gjekk denne relativt raskt å komme igjennom
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport245.jpg

Vi hadde no reist nokre timer så var på tide å få seg litt lunsj, ikkje alle spiseplasser som var åpne men vi fann Dooks Burgers…
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport246.jpg

…som solgte, ja nettopp Burgers 
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport247.jpg

På vei til vår C-piren var vi innom Shake Shack for å kjøpe med litt niste på flyet til Dulles
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport248.jpg

LN-REF
06-02-2021, 03:46
Litt folk ved gate C7 som to skulle reise ifrå til EWR, og frå C9 kor vi fem skulle reise i frå til IAD. Dei tre siste fly noke seinare til IAH
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport249.jpg

På vei om bord i United sin N78540 som er en Boeing 737-824WL
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport250.jpg

Før takeoff var det litt mas på PA om at man kunne oppgradere til Economy+ for $120. Med ca. 40 passasjerar i Economy, 5 i Economy+ og kun nokre få i Business, var det meir en plass til alle så ingen beit på det tilbodet

Eg satt på sete 22D som skulle tilseie på SAS sine 738 bak vingen, men hos Continental hadde dei hoppa over seterad 5, 6, 13, 16, 17, 18, 19 slik at 22D var over vingen
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport251.jpg

Vi hadde push back 8 min før rutetid og kom oss i lufta 11 min seinare for en tur som var berekna i dag til 1 time 47 min

Servering var i form av utdeling av «All-in-one Snack Bag»…
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport252.jpg

…etterfylt av drikketralle
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport253.jpg

Litt ut i turen blei det voldsomt til aktivitet bakarst i flyet da en passasjer fekk et astma anfall kor det blei spurd etter lege om bord, noko det var. Etter ei stund gjekk en pilot bak for å hjelpe til etterfølgt av en til 10 min seinare. Lurte på kven som fløy flyet nå, men det visste seg at begge var piloter off duty som passasjerar på flyet, men i uniform

Gjekk visst med alle flasker med oksygen som var om bord og vi fekk prioritert landing slik at vi landa 20 min før rutetid

Winglets
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport254.jpg

Nokon som kjenner til kva bygning dette er ved IAD?
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport255.jpg

Nesten nede
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport257.jpg

Ved gate fekk vi beskjed om å vente til brannmanskaper ved vedkommande av flyet først før vi. Tok litt tid å klare gjøre pasienten, så gate agent var om bord og slapp av rekke for rekke mens han følgde med når dei var klare bakarst. På denne måten tømde han til og med mi seterad for resten måtte vente

Vår ankomst gate mens eg venta på resten av reisefølgjet
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport258.jpg

På Terminal C ved Washington Dulles International Airport var det litt folk denne kvelden
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport259.jpg

Vi skulle vidare frå Terminal B så tok toget dit
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport260.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport261.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport262.jpg

Ikkje heilt rett, var dagens fjerde heliport/flyplass allereie
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport263.jpg

På Terminal B var det tomt og lite passasjerar
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport264.jpg

Nokre få butikkar opne, men da utan kundar
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport265.jpg

Enda meir tomt
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport266.jpg

Wendy’s var åpent for en liten matbit før flyturen
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport269.jpg

Var flight skulle gå frå B45, var lite folk der men blei etter kvart mange ombord
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport268.jpg

Vår neste flight skulle gå med Lufthansa sin D-AIKK som er en Airbus A330-343X (vanskeleg å ta bilde av den)
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport267.jpg

LN-REF
06-02-2021, 03:51
Var ca. halvfult om bord kor eg hadde sete 39D. 39E var ledig mens 39 F og G var tatt i resten av 4-seteren

Etter Boarding Completed, så oppdaga eg at 37D til 37G var ledig så flytta meg raskt over der og dermed kunne ligge relativt greitt der resten av turen

Vi hadde push back 7 min før rutetid og kom oss i lufta 19 min seinare for en tur som var berekna i dag til 7 timer 19 min
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport270.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport271.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport272.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport273.jpg

Etter bare en halvtime var det middagservering, Pasta med sopp til alle som var heilt OK med ei veldig god sitronkake til dessert, brus frå 1.5 liter plastflasker
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport274.jpg

Før timen hadde passert, hadde dei vert rundt med drikkevogna en gang til, samla inn alt rusket og av med lys

La merke til at Galley bak var avstengd med mørke gardiner så der var det nok «Zugang strengstens verboten»

Eg sov godt i ca. 5 timer der eg låg, ca. en time til kom lyset på og 20 min etter det frukost som var fire fruktbiter, liten muffin, eplejuice og te
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport275.jpg

Her måtte man være raskt å ete og drikke for etter 8 min var det av med lyset igjen, kvarter etter kom Kaptein Dennis Jung på PA og ca. 30 min før landing starta vi nedstigninga
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport276.jpg

Før landing kom Purser med ei laaaaaaang avhandling ang. COVID-19 kor vi skulle forlate flyet Row-by-Row noko som er vanleg nå i desse dagar
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport277.jpg

Etter 7 timer og 16 min i lufta landa vi veldig myk, før ei plutselig hard bremsing. Litt usikker på om ankomst gate var C54 eller Z54?
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport278.jpg

Neste fly skulle gå frå Terminal A og sida vi hadde litt tid til neste flight rusla vi litt rundt samt kjøpte oss en svindyr kaffi

Flyet videre til Gardermoen skulle gå frå A17 med D-AILU med LU-sticker som er en Airbus A319-114
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport279.jpg

Denne fekk teknisk så vi fekk beskjed om å få til A24 for buss til et nytt fly. Etter å ha venta der 10 min, var det tilbake til A17 for buss frå den gaten. Etter kvart blei D-AILU taua vekk, såg den igjen seinare utanfor en av vedlikehalds hangarane til LH. Ny avgang var satt til 10:30 som var 40 min seint

Sosial distanse var viktig ved Boarding, på bussen stod man som sild i tønner
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport280.jpg

Etter 10 min med buss kom vi fram til stand V266 kor Lufthansa sin D-AILA, som også er en Airbus A319-114, venta
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport281.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport282.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport283.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport284.jpg

Satt på sete 16A som er rett bak vingen. Ny avgang var nå 10:45, men kom oss ikkje i lufta før 11:15
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport285.jpg

Servering var en KitKat og drikke
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport287.jpg

Kun 55 passasjerar om bord på turen som tok vel 1.5 time til OSL kor vi parkert ved gate E13/F23

LN-REF
06-02-2021, 03:52
Ned til enden av bygget for Grensekontroll og så Tax-Free som var som vanleg tom
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport288.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport289.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport290.jpg

http://www.refvik.info/Scanair/TripReport291.jpg

Lite passasjeren i Sikkerhetssjekken…
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport292.jpg

…deretter rett til SAS sin inneriks lounge for en etterlengta dusj!
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport293.jpg

Turen siste gang i lufta var frå Gate 4 med LN-RGI som er en Boeing 737-883WL
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport294.jpg

10 min forsinka pga venta på purser som kommer inn på B6, enda mere forsinka pga måtte de-ice så kom oss ikkje i lufta før 17:24

Men med bare 37 min i lufta denne seine ettermiddagen, gjekk det veldig fort til Vigra
http://www.refvik.info/Scanair/TripReport295.jpg

Så bar det heim i taxi og nok en 10 dagers karantene = 44 dager i karantene i 2020

Someone
06-02-2021, 11:25
Takk for nok en nydelig rapport

Bygget du ser på IAD er Steven F. Udvar-Hazy Center, som er endel av National Air og Space Museum. Og som kan anbefales en tur til. Et par bilder derfra her (https://forum.flyprat.no/showthread.php?t=58436) (delvis ødelagt av fotobøtta)

https://airandspace.si.edu/udvar-hazy-center

LN-REF
06-02-2021, 21:28
Takk takk - En tur til diverse flymusum i USA står høgt på lista over things to do!

Fnate
08-02-2021, 20:18
Tusen takk for nok en flott Coronarapport. Er forøvrig imponert over at det ikke står en øl i bildet på samtlige måltid etter 5 uker på altså. Det hadde det nok gjort hos meg :)

darkcho
10-02-2021, 08:40
Takk for reisebrev som alltid. Topp at du deler. Får maks lengsel etter interkontinentale flighter igjen :)

LN-REF
11-02-2021, 02:06
Skulle egentlig fly pendlerruta MOB-ATL-AMS-OSL-AES idag, men er utsatt til neste veke engang pga min avløser ikkje fekk passet med det nye US Visum tidsnok i retur...