Vil ha charterrute til Vardø
https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/...interturistar-fra-tromso-til-vardo-1.17526007Vil ha charterrute til Vardø
Vardø kommune håpar ei direkterute frå Tromsø skal fylle hotella i byen også om vinteren. Ordføraren trur løysinga vil komme heile lokalsamfunnet til gode. Medan Tromsø er nesten overfylt av turistar om vinteren, står hotell i Vardø tomme.
Det vil Vardø kommune endre på.
– Vardø har hatt eit veldig bra belegg på turismen gjennom fuglar og fornøyelsar på vår- og sommarstid. Men på vinterstid taper ein pengar, seier ordføraren i Vardø Tor-Erik Labahå (Sp).
Saman med Destination Vardø ønsker kommunen kommande vinter å chartre 10 avgangar med Widerøe mellom Tromsø og Vardø.
Målet er å skape fleire heilårige arbeidsplassar i reiselivet i Vardø, forklarer Labahå.
– Dette vil ha ein smitteeffekt for heile næringslivet i Vardø og i Aust-Finnmark. Så eg ser berre positivt på heile opplegget, seier han.
Passasjerane på den nye flyruta skal i første omgang vere turistar frå Asia.
Ikkje berre for turistar
Vardø kommune og Destination Vardø søker no om tilskot frå Finnmarksfondet for å kunne starte den nye flyruta.