Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona
AS 1116 LAX - IAD
Denne turen hadde eit formål:
S O V E. Hadde booka meg eit vindussete på rada bak nødutgang. Det funka bra. Eg trur tre-setaren var full, men reiseselskapet gjorde (heldigvis) lite ut av seg. Turen gjekk på rute, og landa lenge før rute. Dette er andre gangen med Alaska innanlands i USA, dei har grei service, overraskande bra beinplass og gode stolar i A320. I E190 (eller var det E170?) var seta heilt forferdelege.
Kom så fram til Washington DC. Om LA ikkje frista, så frista ikkje den byen heller. Det hylja og var kaldt (dramatisk overgang frå 25 grader, bikini-damer og basseng i Hollywood nokre få timar tidlegare). Tok meg tid til ein “everything-bagel” på flyplassen (som forsåvidt såg meir sivilisert ut enn alle andre amerikanske flyplassar eg har vore på) før Uber til hotellet.
Der kom eg rundt klokka ni på morgonen. “You are not wanting checkin at this hour, are you???”, spurde duden bak skranken. Dette var eit Hampton Inn, by Hilton, forøvrig. Jo, sa eg, det vil eg helst. Han trykte litt, og jaggu, han fann eit rom. Det er vel det mest positive eg har å seie om det hotellet. Dette var heilt nedslitt, bassenget stengde dei ei veke før eg kom, og det kosta nesten 350 dollar natta (som var “grei” pris i nabolaget). Eg har tidlegare angra veldig på at eg ikkje bur på anbefalte konferansehotell, og sidan AirBnB er uaktuelt pga. jobbpolicy, så måtte det bli slik.
Eg kom ut av teljinga på kor mange som stod i resepsjonen til ei kvar tid; det var ein heil bøling. Heile tida, heile døgnet.
Frukosten var rett fram forferdeleg. Tørr bagels som kunne livnast opp litt i ein brødristar, vassne stekte poteter, og variabel form på eggepulvergummien. Det hadde sikkert vore betre kvalitet om eg hadde gått for doghnut og berlinerbolle.
Og kva i alle daga er det med alle som skal fortelje kvar du skal. OVER alt på konferansen stod det folk som peika. “This way, please”, nett som det er noko valg når ein går i ein trang gang. OVER ALT! Ikkje ein gang i Kina har eg sett så mykje “jobs for the people”, people.
Og i trafikken. Konstant bæting i fløyta. To trafikkpoliti pr. kryss. OG DET ER LYSKRYSS!!! Kvifor treng ein to fløytefolk for å passe på trafikklysa??? Og så, greitt nok at ein vil passe på gjestane ved fotgjengarovergangen der ein fire-felts veg delte konferanse-arenaen i to, men traffikantane i DC hadde høveleg respekt for sebrastriper. Men lite anna. Ambulanse vart forbikøyrt, og sperra inne. Ein blokkerte alle kryss, forbikøyring på både høgre og venstre side i kryss, vilkårleg for kva veg ein sjølv skulle. Bråk og fløyting.
Og politikken då… På konferansen fekk vi ein forsmak på Trump levert via VP Mike Pence. Som stort sett snakka om "american leadership", (but cooperation is nice), og "freedom loving contries" (som skal samarbeidast med). Kor mange gangar desse orda vart gjentatt i løpet av 15-20 minutt, veit eg ikkje. For ein gjeng. Eg får nok. Det meste av salen også; helsinga frå Trump til forsamlinga (over video) får pliktskyldigast litt applaus. Ein bisetning om Apollo 11-crew får salen til å røyse seg. Det var fint!
Konferansen eg var på handla mellom anna om slike saker. Desse er frå romferja og skal no "kastast bort" på SLS når det kjem seg i lufta ein gang. Kanskje.
Huset til ein fyr
Eit kjendt monoment
Oppsummering av DC: det går an å gå der (det gjere det ikkje i LA). Det er umogeleg å sjå på ei fasade kva som finst bak, så det tok lang tid å orientere seg. Parken nederst med Lincon, Smithsonian og Franklin var fin; men gjennomhola av mykje bilvegar. Huset til Trumpen skal rammast betre inn, med nytt og moderne gjerde. Kanskje det er eit forsøk i å bygge "Little Mechico"??