Lander helikopteret på autovernet

Re: Lander helikopteret på autovernet

Det står all respekt av desse flygarane som heile tida skal vurdere kor langt det er forsvarleg å gå i flyging, når det kan stå om liv for dei som dei skal assistere.

Var sjølv for nokre år sidan, vitne til at eit ambulanshelikopter sette forkant av meiane i bakken, medan lege og sjukepleiar hoppa ut. Det tok ikkje lang tid frå dei kom flygande inn mot landingsområdet før dette var unnagjort. Dei hang ei kort tid i lufta og vurderte kva dei kunne gjere, før konklusjonen var at det som var nært nok, var for bratt. Og at det som var flatt nok, var for langt unna. Etter å ha droppa helsepersonellet, så landa dei på tidlegare utprøvd landingsplass i bygda, og let ambulansen frakte pasienten til seg etter at tilstanden var stabilisert.
 
Back
Top