Morn frå Espoo, igjen. Frøkna i resepsjonen sa at det var "nødvendig" å vere på flyplassen to timar før avgang. Synst det var lenge, men men, skal vere snill og gjere som eg får beskjed om. Så snart er det Blue1 til Oslo, og over ein (nødvendig) time ekstra transfertid på veg mot TRD enn det var på tur hitover i ARN...
Veldig interessant dag i går; slike småturar til andre stadar i verda er veldig lærerike. Fekk også ganske grundig innføring i bruk av sauna under/etter møte, men det var skuffande lite sprit, så formen er meget bra idag sjølv om det vart seint...
Ha ein fin dag i varmen, helga blir ca 40 timar lang før ein skal på tur igjen...