Fikse gode billetter til show?

longyear

Newcomer
Fann ikkje nokon annan tråd som direkte gjeld dette, og er difor frekk nok til å starte ein ny tråd.

Tingen er at eg ofte er på reis, og madammen har ein tendens til å vera med når det er spanande reisemål. Denne turen går berre til Oslo, men madammen ville klart vera med då ho såg at det var Cirque du Solei-show i Oslo den helga.

For å sikre god tone i heimen har eg tatt på meg ansvaret med å fikse favoritthotell og gode billettar. Det fyrste var enkelt, men når det gjeld Oslo Spektrum er eg dessverre meir kjend i operaen i Hamburg enn fyrstnemnde.

No er det berre billettar av billigste sort att til alle dei fire førestillingane på http://www.billettservice.no/event/cirque-du-soleil-quidam-billetter/441093, og det ser ut som eit show der ein bør sitte ganske langt framme - nokon som har nokon formeining om det?

Om det ikkje er nokon vits å sitte så langt bak; har nokon ein formeining om kvar eg evt. kunne henvendt meg for å få tak i betre billettar enn dei som er tilgjengeleg på billettservice.no (eg har ikkje American Express, har googla ein del og sjekka finn.no utan resultat)?
 
Du kan jo sjekke om det er noen hoteller som har "showpakker"! De har ofte gode plasser tilgjengelig om man kombinerer med overnatting.

Scandic, Thon, Radisson og Clarion har ofte hatt det!

Kim
 
Takk for tipset! Madammen har dessverre eit favoritthotell, og dei hadde ikkje showpakke. Men skal sjekke evt. pakker, om det er fint og dei har tilgang til beste plassene kan vel sjølv tankskip snu!
 
Back
Top