Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 05-02-2022, 21:07   #1
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Prolog:
Dette er ein rapport eg har hatt liggande nesten ferdig veldig lenge. Kvifor eg ikkje har gjort den ferdig, veit eg ikkje. Kanskje det er Sud sin tur i nesten same området som trigga meg til å få skrive ferdig. Og når eg no les gjennom, så ser eg at mykje av oppfatninga mi står i grell kontrast til helsingane hans i god-morgon-trådane . Det får stå si prøve, det var i alle fall slik inntrykket var då dette “gjekk i trykken”.

Så dei neste avsnitta (ispedd nokre få kommentarar) var skreve i november 2019, sånn ca.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:08   #2
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Det er lengesidan eg har vore ute å reise no, siste halvtanna året har det vore mykje mindre reising enn vanleg. Eg har hatt eit litt meir “avansert” år enn vanleg, der i utgangspunktet positive ting i sum kanskje ikkje har vore heilt ideelt. Av og til blir pluss og pluss til minus. Men det er ikkje historia her.

Det er altså ei stund sidan eg har vore på tur, og det er forsåvidt greitt, sidan å reise til USA no er så dyrt at eg får dårleg samvit for reiserekninga. Kursen har gått opp borti 15% sidan eg planla turen i vår; det gjere eit ganske drygt utslag. Og det merkast også på eiga lommebok.

Velvel, eg har ein særs reiseglad kamerat, som alltid sutra over at ingen vil vere med han på tur. Eg er vanlegvis mogleg å overtale, også denne gangen. Eg var litt fysen på å reise på ein gigantisk konferanse i Washington i oktober (2019…). Det vart nedstemt som reisemål pga. forventa temperatur, og Miami skulle han til tidlegare på året. Han her sat med ein DY langdistanse-billett som perk pga. mykje flyging i fjor, så vi måtte single ut LA som destinasjon ganske tidleg på nyåret.

Etterkvart vart det klart at eg fekk innpass på konferansen, og ting skulle bookast. Undervegs i prosessen fekk eg gjamnlege sjokk over kor sabla dyrt det er; både i LA og i Washington. Vi snakkar nærmare/over 400 USD/natt for ganske jalla hotell. Reisekompis synst det er fint å reise high-class, eg synst det er litt dumt å bu dyrt. Til slutt fann vi eit høveleg bra hotell “nær” Manhattan Beach, og vart einige om det. Med ei “gratisnatt” hos hotels.com vart totalpris leveleg.

Vidare måtte eg komme meg den korte turen frå LA til DC også… Der viste det seg at turen var offer for litt dårleg planlegging… Det amerikanske kontinentet er ganske breitt, flyturen er lang, og ein reiser mot klokka. Valget stod mellom 2320-flight eller 0730-flight med Alaska, eller noko midt-på-dagen-greier med Spirit eller United. Så, då var valet enkelt. Det vart 2320 for både spare ei natt på hotell, og få litt ut av første dagen i DC.

Nok om kvifor, no til tur:

Reiseruta vart altså då:
SAS TRD - ARN - LAX // AS LAX - IAD // SAS IAD - CPH - TRD
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:11   #3
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Pga siste året, var eg ganske spent på turen, og håpte at den gode reiserusen skulle melde seg så fort som råd. Difor hadde eg også lagt litt innsats i pakkinga. Eg booka også Plus denne gangen; og la inn bid på C. Men det gjekk desverre ikkje inn .

Langtur frå Trondheim betyr opp i fire-tida, og så i flytaxi.

16. oktober, SK2472 06:30 TRD-ARN. Sete 4A (trur eg).

Lite å seie. Eg var litt i ørska, så eg gløymde å kjøpe litt snacks og drikke. Men det vart då ein frukostboks, som var heilt grei. I ørska, og trøtt og kvalm, det var ikkje så mykje eg fekk i meg. Somna litt, og landa lenge før rute.

Rusla ein tur i loungen for å jakte oppgradering, måtte jo prøve litt til. Sidan det er eit stykkje å gå frå lounge til USA-gate, vart eg der ikkje så lenge. Og gløymde framleis å kjøpe snacks/drikke. Alle forsøk på oppgradering vart avvist (smekk fullt både i C og Y), og då eg gjekk til gate, fekk eg også merke at ørska mi hadde oversett dei velkjende ‘SSSS’ i høgre hjørnet. Den sjekken gjekk fort, og dama som fiksa var triveleg ho. Vektarane knurra litt over at ei i rullestol også hadde fått ‘SSSS’, og meinte det var ufint.

Kom meg ombord ganske tidleg, og fann setet. Desverre lite bilete frå sjølve flyturen.

16. oktober: SK939 ARN-LAX. Sete 25A.

Eg er nok stor tilhengar av SAS Plus. Til forskjel frå til dømes KL så får ein eit “eige” sete som er vesentleg betre enn economy. Eg var ganske svolten, og hadde framleis ikkje noko med meg. Men serveringa kom ganske fort igang, med nøtter og ein drikke. Til hovudretten tok eg laks, som låg i ein veldig god saus. Noko av det beste eg har fått på fly.

Trøtt som eg var, såg eg film. Først MiB International (ganske bra), Rocket Man (også bra) og før landing rakk eg Burning 2 (også overraskande bra). Duppa av innimellom, og fekk også sove ganske bra tre-fire-fem timar. Våkna til snacks-servering, nøyaktig 10 sekund etter at tralla gjekk forbi rada mi. Fekk tilkalla litt oppmerksomheit, og fekk meg litt juice, og sa at eg ikkje hadde fått polarrull. “Jammen, han soooov ju”... kom det med så oppgitt mine som berre juling frå flyverten som vokta polarrull-forsyninga. Men eg fekk rulle til slutt, og det var bra.

Frukosten før landing var litt sånn so-so, men alt i alt var det ein av dei beste flyturane eg har hatt; bra sete, grei servering og overraskande mykje soving.

Reisekamerat hadde på førehand varsla om mykje kø ved ankomst. Det såg eg ikkje noko til. Fann meg ein automat, (var usikker på om eg kunne bruke desse pga. nytt ESTA, men det gjekk vel bra sidan passet mitt har vore inne i USA før). Vart jaga ut av kø og inn i ny kø to-tre gangar, gav automat-kvittering til kontrolldame, sa tre ord, og vart stempla inn. Toll-køa var kanskje 30 sekund lenger, fyren nappa kvitteringa ut av neven min, og eg plukka opp kofferten som nettopp var kommen til beltet. Tok truleg mindre enn 30 minutt mellom doors open til eg var i taxi.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:33   #4
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

LA og omegn.
Så får vi begynne sutringa. Først hotellet. Det var vel egentleg eit lyspunkt på heile turen. Ayres Hotel Manhattan Beach var heilt OK, bortsett frå at det er fake news å seie at det ligg på Manhattan Beach. Tok vel fort 20 minutt i Uber. Reisekamerat (som kom til LA eit par dagar før meg) og eg kom til hotellet samtidig, og det var berre å hive seg rundt for å ikkje somne.

I LA har dei trafikk. Noko grenselaust med trafikk. Uber-sjåførane som var av pratsame sorten hadde stort sett alle vore i Noreg, og lurte på kvifor vi var koko nok til å gidde å reise til LA når vi kunne vere i Noreg. Og det spørsmålet skjønar eg. Trafikk, bråk, umogleg å gå på ein fornuftig måte langs vegen, ikkje ei j* flaske vatn å oppdrive på hotellet uten å prøve seg på ein automat (som tidvis ikkje ville ha verken krøllete setlar eller småmynt), 150 kr for ein forferdeleg utgåve av Long island ice tea osv osv. Men solnedgangen på Santa Monica var fin. Middagen tok vi på eit steak-house rett ved. Godt, men ikkje til den prisen.


Solnedgang over Santa Monica pier

Dagen etter stod vi opp grisetidleg for å komme oss til Pasadena for å prate med nokon som lagar stasj som skal flyge langt langt bort og lande i ein raudleg ørken, sånn om eit par års tid (igjen; dette var den gang då. No er tingen komme fram den!). Men først over ein time i Uber. Etter å ha køyrt i 15 minutt, utbryt duden “Oh, Pasadena, then we’ll try this direction”, og snur 180 grader. Jaja. Vi kom oss då fram.


Lobby på NASA JPL


Skycrane


Mission Control. Ganske artig å sjå oversikta over dei ulike ferdene som er støtta herifrå


Etter besøket der, tok vi ein snartur innom Science Museum, for å sjå på romferga. At det greiene der kunne flyge, er heilt utruleg. Vingespennet er omtrent som på ei synål. Men har kjenner folk som har prøvd, og tydlegvis fått det greitt til . Imponerande og litt rørande.


Romferja! Eit imponerande syn. Drivstofftanken låg "i hagen" og vi fekk ikkje sett så nøye på den.



Har helsa på to av dei som var på denne ferda. Eit år tidlegare introduserte ein av desse meg også for ein kar som har vore på månen. Det var litt spesielt.

Vi tok også ein dag på Catalina Island. Avalon var ein forsåvidt trivleg, men ganske turistifisert plass. Vi drog på med 50-dollar for ein time med golf-cart; artig nok i varmen. Så sat vi på stranda og såg på damene. Båtturen til/frå Avalon var også uhorveleg dyr; så eg skjøna godt at den lokale Uber-helten (som også var klar for å flytte frå LA, denne gangen til Texas) aldri hadde våga seg ut dit. Definitivt verdt ein tur, om ein kan. Det var haust-festival den kvelden, og rimeleg bra liv i gatene. Det var artig å få med seg! Båten gjekk tilbake halv åtte på kvelden, og då var det påtide med rett i seng.


Eit minne frå fordums tid, då ei amerikareise hadde ei anna betyding.


Avalon


Haustfest og god stemning!



Siste dagen; eg skulle somsagt ha fly ut klokka 2320, hadde reisekompis bestemt seg for å oppgradere. Turen gjekk til midt mellom Beverly Hills og Hollywood. 1 Hotel West Hollywood, er vel det mest skandinaviske eg har sett nokon gang. Bortsett frå prisen (glad eg ikkje skulle bu der). Etter ein spasertur langs stjernene (og lab-burger til lunch) rakk vi ein lang tur langs bassengkanten. Også ein tur opp på takterrassen, der flaskene starta på ca 1050 USD, litt uavhengig av kva du skulle drikke. Det vart ein Corona (dæven, frampeik!) til 7 dollar. Og så gjekk vi.


Lab-burger. Veit ikkje om eg er veldig imponert. Enno.



Det seig på meg ein heftig skallebank, så eg for tidleg på flyplassen. Fekk sjekka inn, kjøpte meg sånn sexy nakke-krage og sat meg på ein stol for å prøve å sløve det av meg. Gjekk bra før ein high-school-klasse frå Montreal kom forbi.
Attached Thumbnails
Click image for larger version

Name:	Avalon.jpg
Views:	753
Size:	320.1 KB
ID:	50843   Click image for larger version

Name:	endavour.jpg
Views:	753
Size:	211.5 KB
ID:	50844   Click image for larger version

Name:	jpl_lobby.jpg
Views:	752
Size:	284.4 KB
ID:	50845   Click image for larger version

Name:	lab-burger.jpg
Views:	747
Size:	118.3 KB
ID:	50846   Click image for larger version

Name:	QM.jpg
Views:	753
Size:	259.9 KB
ID:	50847  

Click image for larger version

Name:	astronauts.jpg
Views:	401
Size:	123.0 KB
ID:	50848   Click image for larger version

Name:	MCC.jpg
Views:	406
Size:	221.8 KB
ID:	50849   Click image for larger version

Name:	night.jpg
Views:	401
Size:	119.4 KB
ID:	50850   Click image for larger version

Name:	SM_sunset.jpg
Views:	412
Size:	367.0 KB
ID:	50851   Click image for larger version

Name:	skycrane.jpg
Views:	406
Size:	203.9 KB
ID:	50852  

__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:40   #5
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

AS 1116 LAX - IAD
Denne turen hadde eit formål: S O V E. Hadde booka meg eit vindussete på rada bak nødutgang. Det funka bra. Eg trur tre-setaren var full, men reiseselskapet gjorde (heldigvis) lite ut av seg. Turen gjekk på rute, og landa lenge før rute. Dette er andre gangen med Alaska innanlands i USA, dei har grei service, overraskande bra beinplass og gode stolar i A320. I E190 (eller var det E170?) var seta heilt forferdelege.

Kom så fram til Washington DC. Om LA ikkje frista, så frista ikkje den byen heller. Det hylja og var kaldt (dramatisk overgang frå 25 grader, bikini-damer og basseng i Hollywood nokre få timar tidlegare). Tok meg tid til ein “everything-bagel” på flyplassen (som forsåvidt såg meir sivilisert ut enn alle andre amerikanske flyplassar eg har vore på) før Uber til hotellet.

Der kom eg rundt klokka ni på morgonen. “You are not wanting checkin at this hour, are you???”, spurde duden bak skranken. Dette var eit Hampton Inn, by Hilton, forøvrig. Jo, sa eg, det vil eg helst. Han trykte litt, og jaggu, han fann eit rom. Det er vel det mest positive eg har å seie om det hotellet. Dette var heilt nedslitt, bassenget stengde dei ei veke før eg kom, og det kosta nesten 350 dollar natta (som var “grei” pris i nabolaget). Eg har tidlegare angra veldig på at eg ikkje bur på anbefalte konferansehotell, og sidan AirBnB er uaktuelt pga. jobbpolicy, så måtte det bli slik.

Eg kom ut av teljinga på kor mange som stod i resepsjonen til ei kvar tid; det var ein heil bøling. Heile tida, heile døgnet.

Frukosten var rett fram forferdeleg. Tørr bagels som kunne livnast opp litt i ein brødristar, vassne stekte poteter, og variabel form på eggepulvergummien. Det hadde sikkert vore betre kvalitet om eg hadde gått for doghnut og berlinerbolle.

Og kva i alle daga er det med alle som skal fortelje kvar du skal. OVER alt på konferansen stod det folk som peika. “This way, please”, nett som det er noko valg når ein går i ein trang gang. OVER ALT! Ikkje ein gang i Kina har eg sett så mykje “jobs for the people”, people.

Og i trafikken. Konstant bæting i fløyta. To trafikkpoliti pr. kryss. OG DET ER LYSKRYSS!!! Kvifor treng ein to fløytefolk for å passe på trafikklysa??? Og så, greitt nok at ein vil passe på gjestane ved fotgjengarovergangen der ein fire-felts veg delte konferanse-arenaen i to, men traffikantane i DC hadde høveleg respekt for sebrastriper. Men lite anna. Ambulanse vart forbikøyrt, og sperra inne. Ein blokkerte alle kryss, forbikøyring på både høgre og venstre side i kryss, vilkårleg for kva veg ein sjølv skulle. Bråk og fløyting.

Og politikken då… På konferansen fekk vi ein forsmak på Trump levert via VP Mike Pence. Som stort sett snakka om "american leadership", (but cooperation is nice), og "freedom loving contries" (som skal samarbeidast med). Kor mange gangar desse orda vart gjentatt i løpet av 15-20 minutt, veit eg ikkje. For ein gjeng. Eg får nok. Det meste av salen også; helsinga frå Trump til forsamlinga (over video) får pliktskyldigast litt applaus. Ein bisetning om Apollo 11-crew får salen til å røyse seg. Det var fint!


Konferansen eg var på handla mellom anna om slike saker. Desse er frå romferja og skal no "kastast bort" på SLS når det kjem seg i lufta ein gang. Kanskje.


Huset til ein fyr


Eit kjendt monoment

Oppsummering av DC: det går an å gå der (det gjere det ikkje i LA). Det er umogeleg å sjå på ei fasade kva som finst bak, så det tok lang tid å orientere seg. Parken nederst med Lincon, Smithsonian og Franklin var fin; men gjennomhola av mykje bilvegar. Huset til Trumpen skal rammast betre inn, med nytt og moderne gjerde. Kanskje det er eit forsøk i å bygge "Little Mechico"??
Attached Thumbnails
Click image for larger version

Name:	huset_til_ein_fyr.jpg
Views:	400
Size:	246.7 KB
ID:	50853   Click image for larger version

Name:	stor_motor.jpg
Views:	399
Size:	165.1 KB
ID:	50854   Click image for larger version

Name:	monument.jpg
Views:	397
Size:	101.9 KB
ID:	50855  
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:50   #6
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

SK 926, 25. oktober 2019 SAS IAD - CPH
Dette avsnittet skriv eg no i 2022, så må innrømme at eg ikkje hugsar så mykje frå den turen, desverre. Ikkje anna enn at eg la inn bod på, og fekk, oppgradering. Men det vart lite god soving og eg meinar å hugse at eg var ganske trøtt. Så difor var det rimeleg fantastisk med ein dusj og litt mat i loungen i Køben før siste turen heimatt.


Bevis på at oppgraderinga gjekk i orden!


Pre-start-bobler! Det kan ein like!


Utsikt frå flyet, i ei tid då samling av parkerte fly ved ein flyplass faktisk betydde at det var trafikk!!

SK??? CPH - TRD
Trur ikkje det er mykje å seie her. Standard CRJ-tur. Trøtt, og “klar” for å feire bursdag til mini når eg landar!


Fjella og utsikta nærmar seg heim! Det er alltid fint å sjå utsikta over norske fjell.
Attached Thumbnails
Click image for larger version

Name:	3h.jpg
Views:	403
Size:	121.3 KB
ID:	50856   Click image for larger version

Name:	boble.jpg
Views:	401
Size:	82.6 KB
ID:	50857   Click image for larger version

Name:	ei_tid_då_dette_betydde_trafikk.jpg
Views:	403
Size:	88.0 KB
ID:	50858   Click image for larger version

Name:	nermarseg_heim.jpg
Views:	407
Size:	225.1 KB
ID:	50859  
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 05-02-2022, 21:54   #7
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,274
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Epilog:
Denne turen var jo spesiell på mange måtar. Det var den første på lange tider pga “diverse”, og eg var litt spent på det. Det viste seg å gå bra, både tur og konferansedeltakinga. Så viste det seg jo å bli den siste turen av denne typen på enno lenger tid pga. det som dukka opp nokre få månader seinare. På grunn av dette har eg no kollegaer (stipendiatar) som aldri har fått reist på slike turar og dermed gått glipp av svært mykje opplevingar og erfaringar. Det er ikkje heilt bra det.

For eigen del begynner reiselysta å melde seg litt igjen. Om det blir til USA med det første får vi sjå, men det hadde vore fint med ein "workcation" sørover i Europa i det minste.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 06-02-2022, 00:51   #8
Midtiblinken
ScanFlyer Gold
 
Join Date: Nov 2020
Posts: 1,083
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Kan bo forholdsvis billig begge plasser om du bor utenfor turistfellene. DC er billig om kongressen har fri, har bodd veldig bra og billig. Hampton Inn burde ikke være over $130, og frokosten er elendig i forhold til hoteller i Norge. Noen ganger er det dyrt uansett.
Midtiblinken is offline   Reply With Quote
Old 06-02-2022, 10:51   #9
WF-380
ScanFlyer Gold
 
WF-380's Avatar
 
Join Date: Mar 2008
Location: Buskerud
Posts: 1,163
Default Re: Til LA og DC -- ein fin tur (med mykje klaging), i tida før korona

Takk for rapport. Av alle steder jeg har vært i USA vil jeg antagelig rangere LA og DC aller nederst. Men drar sikkert innom igjen en gang, ihvertfall til LA. Frokosten på tre-stjerners i USA er normalt ikke spiselig hvis man da ikke bare skal ha cereal. Det er som regel en Diner i nærheten som kan brukes.
WF-380 is offline   Reply With Quote
Reply

Thread Tools
Display Modes

Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Kor mykje is/rim før deice? roger Flyteknisk forum 7 07-02-2017 11:46
Korleis få ein "spenstig" tur til Brüssel? roger Reiseforum 12 04-07-2013 22:04
Ut med LN-DAG på tur i fin været Norwegian15 Bilder & foto 21 21-01-2011 17:46
Ich bin ein Berliner - med DY og AB til Berlin! Cecilie TripReports 23 02-08-2010 09:26


All times are GMT +2. The time now is 12:27.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2024 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.