Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 18-05-2008, 19:37   #1
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,950
Mytravel Ei veke i syden, Bergen - Chania - Stavanger - Bergen

Destinasjon, Kreta, Chania, Agina Marina.

Me sjekka inn bagasjen, og starta med ei pils i avgangshallen på Flesland. Sjølv om eg visste at det skulle vera OY-VKA som venta på gaten, klarte eg ikkje sjå reg. Eg tok sjansen på at crewet visste kva maskin det var, så eg spurte likegodt vitande om det var VKA. Stewerten lyste opp, og skjønte vel straks at eg var litt meir enn middels interessert i fly -og bekrefta at det var VKA. Crewet fortalte under utflygning, at DK773 BGO-CHQ med VKA var faktisk premiereflygning under det nye navnet Thomas Cook frå Bergen.

Vidare fekk me servert drinker og ein veldig god middag. Etter at kaffien var ferdig, nytta eg sjansen og gjekk fram frå sete 6c, og spurte likesågodt stewerten som bekrefta reg, om det kunne vera anledning å komme inn i cockpit i løpet av turen. På dette tidspunktet stod døra open, så det gjekk lynsnart frå eg spurte til eg satt i cockpit saman med kpt. Ole og 1.stm. Atle. Der fekk eg grunding forklaring på det eg ikkje visste, og gode høve til å prate om så mangt. Eg gløymte heilt at eg hadde ein reisepartner, som faktisk lurte på om hadde gått fram, og satt fast på toalettet, sidan eg ikkje hadde sagt kva eg skulle.... men fråværet mitt varte så lenge at ho fatta mistanke om kor eg var

Plutselig får eg spørsmål om eg kunne tenke meg å sitte på klapp under landing.... og for ein flyinteressert som meg, blei eg sjølvsagt full av adrenalin, og forstod vel egentlig at dette skulle bli kjempemorro. Og ikkje nok med det, eg fekk lov å henta dama mi, så kunne ho og sitte der.

Så allerede fire timar ute i ei vekes sydenferie, hadde eg allerede nådd toppen på denne ferien. Ei kjempeoppleving, og det syntes dama mi og

Det er nok ikkje kvardagskost med denne type behandling, men eg synes Thomas Cook Scandinavia med Ole og Atle gav oss ei fenomenal oppleving. Tusen takk!

Etter landing, tråkka me ut i regn -ja, regn! Akk ja, det gjorde ikkje meg særlig mykje, ingenting kunne igrunn matche dette. Me hadde ei fin veke på Kretas norkyst, med delvis skya, opplett i starten, og sol siste halvdel av ferien. Me spiste godt, og fekk oppleve fine utflukter på nye og spennande plasser på Kreta. -Og ikkje minst fekk me nyte godt med Mythos.

Heimreisa var også med VKA, men DK774 som skulle opprinnelig til Bergen, var vitande omdirigert til Stavanger på grunn av Avinor's streik. Ikkje det kjekkaste, å måtte tilbringe heile 17.mai kvelden på ein buss, men det var den einaste løysinga på dette problemet.

På heimreisa var eg plassert på sete 12a, og for dei som kjenner flyet, er dette på nødutgang med god beinplass. Eg freista jo sjølvsagt å prøva lykken ein gong til, med å få ein prat med mannskapet i cockpit, men stewerten på denne flygningen fulgte nok manualen, så det blei med vindusplassen på heimreisa.

Sidan eg ikkje var i posisjon til å avbilde VKA på Flesland, ei heller på Chania sidan den er militær, har eg dessverre lite flybilder av denne turen. Eg lurte på å ta bilder i cockpit, men me fant vel ut at i mørket var det lite hensiktsmessig, og dårlig triks at mannskapet satt med sveiseblink til landing.

Flyturen var over all forventing all over; terningkast 6.
Været var ikkje optimalt på sydenoppholdet; terningkast 3.

Ein slik tur kan eg gjerne ta ein gong til

(Det kan late til at "post icons" mangler Thomas Cook ? Er det nokon som kan fikse dette, og fikse "title" på logo-bildene, slik at ein får opp ein tekst på bilda når ein har musepeker over? "OBBxx" er litt vagt.... )
__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics


Last edited by zico77; 18-05-2008 at 19:43.
zico77 is offline   Reply With Quote
Old 18-05-2008, 21:32   #2
MountainDew
ScanFlyer Rusty
 
MountainDew's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Posts: 5,825
Default Re: Ei veke i syden, Bergen - Chania - Stavanger - Bergen

Hei! Det var god service fra crewet. Lurer på hvem som var kabinsjef? Synes VKA tar seg godt ut i de nye fargene
MountainDew is offline   Reply With Quote
Old 18-05-2008, 22:14   #3
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,950
Default Re: Ei veke i syden, Bergen - Chania - Stavanger - Bergen

Veldig god service Eg snappa ikkje opp navnet på kabinsjefen, men han var dansk, og utruleg serviceinnstilt! -og ikkje minst flyinteressert Håper han tar styringa på fleire av mine sydenreiser.

VKA var ein flott maskin å reise med.
__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics

zico77 is offline   Reply With Quote
Old 25-05-2008, 09:30   #4
EB
ScanFlyer Inventory
 
EB's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Ris, Oslo
Posts: 24,546
Default Re: Ei veke i syden, Bergen - Chania - Stavanger - Bergen

Kjempemorsomt - cockpit er en utrolig opplevelse.
EB is offline   Reply With Quote
Reply

Thread Tools
Display Modes

Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Update Bergen-Chania-Bergen DY9740/DY9741 Marius Moberg TripReports 7 09-08-2013 08:37
Chania - Bergen DY9741 Marius Moberg TripReports 7 05-08-2013 20:38
Bergen - Chania DY9740 Part 1 Marius Moberg TripReports 1 05-08-2013 18:29
Bergen-Stavanger-Bergen DY136/DY133 Marius Moberg TripReports 7 26-06-2013 16:15
Norwegian Stavanger-Bergen svgspotter Reiseforum 2 13-01-2010 23:36


All times are GMT +2. The time now is 09:49.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2024 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.