Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 19-09-2020, 06:14   #1
LN-REF
ScanFlyer Gold
 
LN-REF's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Langevåg
Posts: 1,769
Delta Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Etter å ha vert om bord i båten i fire-fem veker nå her i Mobile, AL, blei det endeleg tid til å sette seg ned for å skrive rapport for utreise til USA 17. August. Har vert travel og lange dagar hittil pga. overhaling av to av Hovudmotorane samt vedlikehald og sjekk av de elektriske anlegget ombord med dertil prøvetur som gjekk veldig bra

Hadde også i utgangspunktet ikkje tenkt å skrive rapport denne gangen da turen eg trudde ville bli ganske så lik dei tre andre turane eg har hatt over Atlanterhavet via Amsterdam sidan COVID-19 stengte grensene verden over i Mars i år

Men så blei det litt annerleis med at det blei via Paris denne gangen, samt ny flytype for meg i loggboka mi. Så da blei det en rapport likevel  Håper Dere liker den!

Trip Report frå dei tre andre turane finnast på desse linkane:
Heimreise frå USA 15. April 2020 under COVID-19
Utreise til USA 26. Mai 2020 under COVID-19
Heimreise frå USA 5. Juli 2020 under COVID-19

Som vanleg fekk eg reiseruta på fredag ettermiddag sammen med Travel and Health Questionnaire som er rederiet sitt eige online skjema kor man blir godkjent for å reise eller ei basert på den man svarer ang. COVID-19. Av en eller anna ukjent grunn var det vanskeleg få finne flybilletter via AMS på tirsdagen etter helga. Så denne gangen blei det via CDG, men da med å reise til Gardermoen på måndags ettermiddag for overnatting der på hotell

SK1327 BUSINESS 17AUG AALESUND-AES OSLO-OSL 18:30 19:25 OK 00:55h ADULT 2PC
AF1275 ECONOMY 18Aug OSLO-OSL PARIS-CDG 06:05 08:35 OK 02:30h SEAMAN 2PC
AF3620 ECONOMY 18Aug PARIS-CDG ATLANTA-ATL 10:20 13:45 OK 09:25h SEAMAN 2PC
DL4676 ECONOMY 18Aug ATLANTA-ATL MOBILE-MOB 17:37 17:55 OK 01:18h SEAMAN 2PC

Fekk velge sete og sjekke inn på AES-OSL heime, mens boarding pass måtte hentes på Vigra av en eller anna grunn

Kona kjørte meg den korte turen ned på kaia i Langevågen for 17:00 båten til Ålesund som tar 7 min over Borgundfjorden, kun 5-10 passasjerer på denne avgangen

Fra Ålesund sentrum tok eg flybussen til Vy kl. 17:23 ut til Vigra som tar 19 min, her var det kun 5 passasjerer med

Lite folk på flyplassen så gjekk raskt å få boarding pass til OSL samt komme seg igjennom sikkerhetssjekken selv om Fast Track var stengt.

På med munnbind når boarding for SK1327 AES-OSL med LN-RRL "Jarlabanke Viking" i Star Alliance farger som er en Boeing 737-883WL, starta med sete rad 15-32, deretter alle.


Boarding complete 18:28, pushback 18:32 og i lufta 18:40

SAS hadde satt av rad 1 til 12 for business denne kvelden, eg hadde sete 02C så sammen med 13 andre som kun brukte rad 1 til 6 så vi hadde god plass. Bak rad 12 satt det 42 så til sammen bare 66 passasjerer på denne flighten

Som vanleg i desse tider, ingen servering så stille og roleg tur. La også merke til at Inflight magasinet også var tatt vekk, eller var vel kanskje i produsert i det heile siste måneder?

Landa 19:19 og var parkert ved stand 72 som var gate C8 tre minutter seinere

Raskt ut av terminal på Gardermoen for å finne shuttlebussen til Comfort Hotel Runway. Vel på bussen kunne sjåføren fortelle at det hotellet har vært stengt sidan April, mens eg var flytta over på Clarion Hotel & Congress Oslo som ligger vegg i vegg omtrent.

Ho i resepsjonen beklaga seg at dei ikkje hadde ringt meg om dette, men rart at det ikkje blei opplyst om dette når man bestilte rommet bare tre dager tidligere? Anyway, raskt innsjekk, rom i fjerde etasje med middag/drikke inkl. i bookinga

Rom 4124 var heilt kurrant, men frykteleg dårleg air condition. Så det blei veldig lite søvn den natta dessverre pga veldig varmt…


Restauranten hadde en veldig enkelt meny,


…kor eg gjekk for Caesar Salat som var veldig god og ikkje minst en svær porsjon, drikke blei Fanta


Som nemnt, blei det lite søvn så 03:15 gav eg opp og tok meg en dusj, deretter rusla ned i resepsjonen til 04:00 for utsjekke samt at tidleg frukost skulle være klar da. Denne bestod av en pose med God Morgon Yoghurt, WASA Sandwich Cheese & Chives, MellomBar Kokos og Sjokoladebar, Sunniva appelsin juice samt et eple

Venter på Shuttlebussen 04:09 tilbake til Gardermoen, forøvrig fekk alle beskjed av bussjåføren om å bruke munnbind


Lite folk på OSL så tidleg denne morgonen, ingen kø ved Business innsjekk til Air France. Som forventa var det litt mas om visumet til USA, han i skranken skjønte ikkje helt det med at man kan fortsatt reise til USA med B1 OCS visa.

Da eg endeleg fekk boarding pass, møtte eg en kollega stod rett bak meg og som skulle på same båt. Han har vert på div. andre båter i rederiet sidan 2012 når han sist var hos oss så det var et hyggelig gjennsyn

Lite folk i sikkerhetssjekken og lite folk på utlands terminalen også. På vei til gate E11 kjøpe vi med oss en varm baguett for turen til Paris samt fylte på vannflaska

Boarding starta med Zone 1-3, med Sky Priority gjekk eg rett om bord når det passa meg, selvsagt med maske på. Ved Stand 41 stod Air France sin F-GRHR som er Airbus A319-111 og venta på oss for å fly AF1275


Kun min andre tur i AF sine A319, men totalt tur no. 14 som inkl. Northwest, TAP, Lufthansa, British Airways og Air Canada

Eg satt langt bak på sete 21D, hadde heile tre-seteren for meg sjølv så etter takeoff 06:17 og baguetten, la eg med til å sove.

Våkna etter 1.5 timer da det var veldig mas om COVID-19 skjema som alle måtte fylle ut. Dette for å spore alle om det i ettertid skulle vise seg at noen på flighten var smitta


Forøvrig talte eg 52 passasjerer om bord kor ingen satt på business


Usikker på om det var noko servering på denne flighten siden eg sov mesteparten av den.

Ingen In-flight Entertainment, men USB ladekontakt mellom seta til å ladde mobilen


Vi landa på CDG kl. 08:17


…og hadde en lang taxing tilbake til Terminal F samt vente 10 min på et anna fly som stod ved får gate, så vi var ikkje parkert før 08:39


Vel inne i terminalen var det et lite å stykke å gå til K-gater, men måtte først gjennom passkontroll sidan vi skulle ut av Schengen. Her var kun en grensevakt på jobb, så det var lang kø og det gjekk frykteleg seint. Og selvsagt var det mange som hadde veldig kort tid til neste fly og dermed måtte snike i køen. Heldigvis kom det etterkvart to grensevakter til, og da gjekk det ganske så greitt eigentleg selvom det tok oss 20 min å kommer seg igjennom


Butikker var åpne inne på K, men lite folk


Vår flight var frå gate K41 kor vi var der 09:14, ikkje så mange passasjerer ved gate men så var det vel 1 time til avgang også
__________________

Last edited by LN-REF; 19-09-2020 at 06:31.
LN-REF is offline   Reply With Quote
Old 19-09-2020, 06:31   #2
LN-REF
ScanFlyer Gold
 
LN-REF's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Langevåg
Posts: 1,769
Delta Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Som vanleg, nokre drar den lenger enn andre


Ved gate var det ny dokument sjekk, og ny forundring ang. B1 OCS visumet. Måtte fram med Sjøfartsboka som vedkommande blade voldsomt i, men trur ikkje han hadde en fjernaste anelse kva han såg etter eller forstod kva som var skreve i den

Så hovedgrunnen til at eg skriver denne Trip Report, nemlig min første tur i Airbus A350-941 for ved gate stod Delta Airlines sin N503DN som skulle ta oss over Atlanterhavet denne dagen på flight DL83. Vanlegvis flyr vi A330-300


Boarding starta 09:50 og som vanleg med Sky Priority gjekk man om bord når det passer, eg blei tatt ut i bagasje kontroll som gjekk raskt og greitt eigentleg

Seterad 1 til 9 er Delta One (32), rad 20 til 25 er Delta Premium (48) mens 30 til 39 og 40 til 55 er Økonomi (226) = totalt 306 seter

Var kun 4 passasjerer i Delta One, i Delta Permium var det 8, fremste økonomi 39 og bakerste 54 passasjerer. Så kun ca. en tredjedel fullt på flyet på denne flighten.

Delta blokkere forresten forsatt midtsetene samt et av to setene på seteradene på sidene

Delta Premium


Fremste Økonomi


Eg hadde sete 32D, trudde lenge eg skulle få heile rada for meg sjølv, men kom en famile på 4 som hadde tre seteren bak meg, mens fjerdemann satte seg på sete 32F. Ved boarding complete 10:21, var tre setern forran meg heilt ledig, så da flytte eg raskt til sete 31D.

Vi vart litt forsinka ut frå gate pga venta på bag frå en anna flight, så pushback var 10:42 og take off 10:55

Synest flyet var mykje likt Delta sine A330-300, i det heile liten forskjell egentlig. Kanskje mest merkbart var at det var mykje luft/stor takhøyde i kabinen i forhold til andre fly. Minus når det er lite folk på flyet og man får ei seterad for seg sjølv er at på A350 er det kun tre seter i midten, mens på A330 er der fire så litt betre plass å strekke ut beina utan at dei kommer ut i midtgangen

Avgang


Service om bord var ganske så likt som tidligere turer med Delta over havet, dvs. etter ca. 1 time kom dei rundt med ei flaske vann og bestikk til hovedmåltidet som blei servert ca. 20 min seinare

Som vanleg var det valg mellom Kylling og Pasta, eg gjekk for det første som var


…og såg slik ut. Med andre ord helt fælt, men smakte fortreffelig!


Om man ikkje fekk med seg flyets tail number, så finner man det på In-Flight skjermen som vanleg


Etter maten var det å sove litt igjen, dvs. først 2 og ½ time. Så et besøk på aktre herre før man sov ytterligere 1 time, da var man komt til Sydspissen av Grønland allereie,


…samt det var tid for Delta sin varme gode Cookie og drikke


Har alltid lada mobilen i USB kontakta som er i skjermen, noko som tar frykteleg lang tid. Oppdaga at det var ladepunkt mellom seta også kor det gjekk raskare. Dvs. 1 time og 47 vs 42 min til fullada


Ca. 1 time før ankomst var det BBQ Chicken Pizza Twist som blei servert og som alltid er himla god. I tillegg til Passion Fruit Mousse og drikke


Så var det å fylle ut det vanleg CDC skjemaet før ankomst Terminal F på ATL kor vi landa 19:40 etter 8 timer og 45 minutter i lufta.

CDC og Immigrasjon gjekk som vanleg raskt, samme med sikkerhetsjekken før man kommer inn i selve terminalen

Forsatt er all servering stengt på Terminal E og F, så vi tok toget til Terminal A kor vi visst det låg en McDonald tvers av Gate A10


Vår neste flight gjekk frå Terminal D som alltid, denne gang frå Gate D15 som ligger nært der man kommer opp rulletrappa frå toget, relativt lite folk her som vanleg i det siste


Ved gate stod som vanleg Endeavor Air som flyr på vegne av Delta med sin CRJ 900 og venta på oss, i dag var det N930XJ som skulle fly DL4676


Og som vanleg hadde Delta oppgradert meg til Comfort+ på denne flighten


Ellers ganske så fullt denne kvelden til Mobil


Boarding frå D15


Om bord


Framme i Mobile, AL


I Mobile venta får faste sjåfør på oss som tok oss til båten, men først via Walmart så vi kunne få kjøpt nytt StraightTalk sim-kort med ubegrensa data for $55 plus tax

Vel om bord i båten var det temp. sjekka av Medic før eg møtte min back-to-back for et par timer handover. Så en dusj og rett til sengs etter nesten et døgn reise

Om vel ei vekes tid skal eg heim igjen på fritur - litt usikker på nøyaktig dag enda, men håper vi får reiserute ut i neste veke

For øvrig ser at det ikkje er så mange Trip Reports på forumet fortida, men Dere er vel kanskje leide av mine rapporter fra mi pendling til USA, eller?
__________________
LN-REF is offline   Reply With Quote
Old 19-09-2020, 07:35   #3
Someone
ScanFlyer Inventory

Global Moderator
 
Someone's Avatar
 
Join Date: Jan 2006
Location: Hvalstad
Posts: 62,630
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Takk for rapporten. Alt for få i disse dager og A350 er jo fortsatt litt eksotisk her inne

Tar dere ikke Koronatest når eller før dere mønstrer på?
__________________
Upcoming flights - 2024 JUN: OSL-MAD-LIS (IB) JUL: LIS-CDG-OSL (AF) OCT: OSL-FRA-DEN-LAS-DEN-FRA-OSL (LH/UA)
Since 1/1/2006
Someone is offline   Reply With Quote
Old 19-09-2020, 10:39   #4
WF-380
ScanFlyer Gold
 
WF-380's Avatar
 
Join Date: Mar 2008
Location: Buskerud
Posts: 1,163
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Quote:
Originally Posted by LN-REF View Post
For øvrig ser at det ikkje er så mange Trip Reports på forumet fortida, men Dere er vel kanskje leide av mine rapporter fra mi pendling til USA, eller?
Takk og lov for rapportene dine i denne reisetørketida! Det hjelper på abstinensen.
WF-380 is offline   Reply With Quote
Old 19-09-2020, 16:33   #5
LN-RTP
Aviator Extraordinaire
 
LN-RTP's Avatar
 
Join Date: Feb 2015
Location: Fort Lauderdale
Posts: 2,626
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Fint med trip rapport ja.
Spørsmål om A-350: Har den lavere kabin høyde som 787, eller er det vanlig trykk som i en 330 eller 777?
__________________
"As a dreamer of dreams and a travelin' man
I have chalked up many a mile..."

www.odincharters.com
www.susanhanssen.com
LN-RTP is offline   Reply With Quote
Old 19-09-2020, 17:37   #6
Someone
ScanFlyer Inventory

Global Moderator
 
Someone's Avatar
 
Join Date: Jan 2006
Location: Hvalstad
Posts: 62,630
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Quote:
Originally Posted by LN-RTP View Post
Fint med trip rapport ja.
Spørsmål om A-350: Har den lavere kabin høyde som 787, eller er det vanlig trykk som i en 330 eller 777?
Samme som 787. Omtrent 6000ft
__________________
Upcoming flights - 2024 JUN: OSL-MAD-LIS (IB) JUL: LIS-CDG-OSL (AF) OCT: OSL-FRA-DEN-LAS-DEN-FRA-OSL (LH/UA)
Since 1/1/2006
Someone is offline   Reply With Quote
Old 20-09-2020, 00:44   #7
LN-REF
ScanFlyer Gold
 
LN-REF's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Langevåg
Posts: 1,769
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Quote:
Originally Posted by Someone View Post

Tar dere ikke Koronatest når eller før dere mønstrer på?
Nei, ingen testing - men følger egen karanteneregler første 2 veker inkl. dagleg sjekk av Medic ombord
__________________
LN-REF is offline   Reply With Quote
Old 20-09-2020, 05:10   #8
LN-RTP
Aviator Extraordinaire
 
LN-RTP's Avatar
 
Join Date: Feb 2015
Location: Fort Lauderdale
Posts: 2,626
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Quote:
Originally Posted by Someone View Post
Samme som 787. Omtrent 6000ft
Tenkte det ja. A-350 var vel et direkte svar på B-787, har vel sikkert samme Carbon fiber struktur og annet snadder, bra dem kjørte opp kabin trykket og kabin høyden ned, føles på kroppen etter en lang tur.
Har kun fløyet 787 mellom FLL og OSL, men gjerne 20 rundturer, eller 40 turer de siste 10-11 årene, føler meg litt friskere og finere enn med turer på 767 og 777 mellom Florida og Europa, har også noen hundre av de, føler det på kroppen.
__________________
"As a dreamer of dreams and a travelin' man
I have chalked up many a mile..."

www.odincharters.com
www.susanhanssen.com
LN-RTP is offline   Reply With Quote
Old 21-09-2020, 01:33   #9
Fnate
ScanFlyer Ununoctium
 
Fnate's Avatar
 
Join Date: Oct 2008
Location: OSL
Posts: 11,139
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Takk for nok en kjempeflott rapport. Koser meg mye med å lese disse reisebrevene fra deg. Keep it up.

Og curry funker alltid på fly. Jeg bestiller alltid det om det finnes.
__________________
http://fnate.blogg.no http://www.bongos-tryllereiser.no

The only difference between me and a madman is that I am not mad.

You can't be mad at a crazy chick for loosing her mind
Fnate is offline   Reply With Quote
Old 21-09-2020, 11:37   #10
darkcho
ScanFlyer Gold
 
Join Date: Dec 2011
Posts: 1,679
Default Re: Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19

Takk for rapport. Bare hyggelig at du deler
__________________
darkcho is offline   Reply With Quote
Reply

Thread Tools
Display Modes

Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Heimreise frå USA 5. Juli 2020 under COVID-19 LN-REF TripReports 19 19-09-2020 13:50
Utreise til USA 26. Mai 2020 under COVID-19 LN-REF TripReports 9 30-07-2020 13:49
Heimreise frå USA 15. April 2020 under COVID-19 LN-REF TripReports 9 04-05-2020 13:37
Utreise/hjemreise !? (USA) Cessna182 Reiseforum 2 21-09-2011 22:07
Departure Record. utreise fra USA. hellbilly Reiseforum 14 20-01-2010 20:59


All times are GMT +2. The time now is 12:56.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2024 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.