View Single Post
Old 01-12-2020, 05:54  
LN-REF
ScanFlyer Gold
 
LN-REF's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Langevåg
Posts: 1,700
KLM Utreise til USA 28. Oktober 2020 under COVID-19

Da har eg endeleg summa meg til å skrive en Trip Report frå min sjette tur til eller frå USA under COVID-19 som var for ca. en måned sidan

Skal prøve å fatte meg i korthet da turen var ganske så lik førre utreise som gjekk den gang via CDG, mens nå den meir normale veien via AMS

Trip Report frå dei fem andre turane finnast på desse linkane:
Heimreise frå USA 15. April 2020 under COVID-19
Utreise til USA 26. Mai 2020 under COVID-19
Heimreise frå USA 5. Juli 2020 under COVID-19
Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19
Heimreise frå USA 26. September 2020 under COVID-19

Ti dager etter eg var ferdig med karantene forrige etter forrige heimreise, fornya eg hoved passet mitt så først 19. oktober kunne eg dra til i Oslo og fornya B1 OCS visumet mitt ved den Amerikanske Ambassaden. Med byttedag 28. oktober så var spent om passet kom tilbake i posten fra Oslo i tide

Som vanleg kom reiseruta på fredags ettermiddag kor eg først skulle til Oslo mandagen for overnatting, så videre til Mobile, US på tirsdagen. Men ingen pass i postkassa den dagen som betydde at neste gang Posten Norge levere post i mi postkasse var tirsdagen i veka etter

En rask epost til Crewing Coordinator og så blei reiseruta utsatt med en dag.

Tirsdagen kom og Trillekofferten blei pakka som vanleg etter ei fast liste slik at har med det eg treng og kun akkurate det eg treng. Men så visste det seg at Hurrican Zeta var på vei mot Mobile og at båten hadde seilt til havs for å unngå å havne mitt i den. Dermed blei reiseruta utsatt med nok en dag som da blei den endelege:

SK1327 BUSINESS 28OCT AALESUND-AES OSLO-OSL 18:30 19:25 OK 00:55h ADULT 2PC
KL1140 ECONOMY 29OCT OSLO-OSL AMSTERDAM-AMS 06:30 08:30 OK 02:00h SEAMAN 2PC
KL 623 ECONOMY 29OCT AMSTERDAM-AMS ATLANTA-ATL 09:35 14:15 OK 09:40h SEAMAN 2PC
DL5892 ECONOMY 29OCT ATLANTA-ATL MOBILE-MOB 20:48 21:00 OK 01:12h SEAMAN 2PC

Som sist to eg “Nørvøy” den 7 min lange turen over til Ålesund sentrum


10 min å venter der før flybussen til Vy gjekk rett til Vigra uten stopp

Fekk hverken velge sete og sjekke inn AES-OSL heime eller på automat på flyplassen, så måtte i skranken. Visste seg at det var et eller anna tull med billetten til OSL, men videre derifra var alt i orden. Etter masse fram og tilbake ringte eg reisebyrået som ordna en ny billett til meg

Raskt gjennomsikkerhets kontrollen da eg nå var seint ute, på med maske og boarding i tre puljer fra bak til fram. 79 passasjerer om bord siden eg var desidert siste som sjekka inn med SEQ 79

Boeing 737-85PWL, LN-RRG på denne tidleg kveldsflighten til Oslobygda


Satt i sete 04D og med lys av heile turen var den både stille og roleg uten servering som vanleg hos SAS fortida

Etter 40 min i lufta landa vi før rutetid. Var raskt ute av terminalen og fann bussen til samme hotel som sist. Dvs. Comfort Hotel Runway var fortsatt stengt så det blei Clarion Hotel & Congress Oslo denne gangen også

Litt kveldsmat og så tidleg til sengs da eg måtte ta første buss rett kl. 04.09 tilbake til terminal for KLM sin morgen flight til Schiphol

Svært lite folk på OSL så tidleg, så tok ikkje lange tida å komme seg innafor


Tenkte å ta turen innom Oslo Lounge, men var fortsatt stengt dessverre. Gjekk heller rett til gate E11 kor flyet skulle gå ifra og spisestedet som ligger tvers over for den. Kjøpte en liten overprisa baguett som frokost og fylte vannflaska

Dagens maskin til AMS var Embraer ERJ 175STD, PH-EXP som blir min tredje tur i akkurat den


Hadde sete 08C. Servering var boksen med ei lita sitronkake, vannboks og den tørre kjeksen.

Sov omtrent heile turen til AMS kor vi landa tidleg med fjernparkering og buss til terminal


Pga kort transfer på ca. 1 time, var ikkje tida til KLM Crown loungebesøk så gjekk rett til gate E5 kor KLM sin Dreamliner stod klar

Dagens maskin var Boeing 787-9 Dreamliner, PH-BHC som er samme maskin som eg fløy fra USA 5. juli


Takeoff var 09:55 og med beregna flytid på 9 timer og 25 min var det en lengre tur en vanleg

Hadde sete 17D og seterada (17E/F) for meg selv, etter avgang flytta eg over til 17A(/B/C) istedenfor

Utsikta


Etter 45 min i lufta kom dei rundt med tralla og serverte middag kor det blei pasta til forrett og to typer pasta til hovedrett med den vanleg Sprite som drikke


20 min seinare var alt rydda opp og 20 min etter det kom Purser(?) rundt med Tollskjema for US. Sa til ho at det er lenge siden man måtte fylle ut dei. Ho sa ho det var litt usikkert i instruksjonane hennes, så ho delte dei ut for å være sikker

Telte forøvrig ca. 130 i Economy på denne flighten

Var fortsatt trøtt etter tidleg opp, så la meg til å sove i tre timer og våkna av at dei delte ute posen med div stasj


Og som såg slik ut når den var utpakka


Resten av turen blei brukt til Netflix serien «Away», Cola og Nøtter

Etter kvart kom dei rundt og delte ut en liten vegetar pizza og Cola


Forøvring ingen CDC skjema denne gangen

Landa i Atlanta 14:30 lokal tid og etter 13 min taxing pga måtte vente på en B757, parkerte vi ved Terminal F og Gate F3 denne gangen


CDC og Immigrasjon gjekk som vanleg raskt, samme med sikkerhetsjekken før man kommer inn i selve terminalen

Hadde ca. 5 timer til neste flight så gjekk til nermaste Delta Sky Lounge som låg opp et par rulletrapper på same terminal


Kan ikkje klage på utsikta rett over gate F10, men motsol gjorde det vanskleg med å ta bilder dessverre




Etter kvart var det å komme seg på toget for D for Delta og gate D42

Egentlig skulle vår flight gå frå B32, men broa hadde komt bort i flyet da det parkerte forrige flight, så det blei flybytte

Blei oppgradert som vanleg


Dessverre er det ikkje mulig å ta bilder av flyet ved D42, men dagens siste flight skulle gå med Endeavor Air (Delta) sin Canadair CRJ 900LR, N137EV

I denne enden av terminal D er det fire gater tett i tett kor alle hadde avgang på omtrent same tid, så lit kaotisk men det ordna seg og alle kom på rett fly til slutt

Forøvig endel stenge Taxebaner på ATL fortida, så blei 15-20 min taxing for å komme til rullebana

Vel framme i Mobile hadde båten ikkje komt inn enda, så agenten kjørte meg til Hampton Inn & Suites som låg downtown Mobile


Ved innsjekk opplyste dei at eg kunne eg spise for x antall $ som allereie var innkludert i bookinga. Etter lang reise var det greitt med en middag på hotellet da det var innført Curfew pga uvêret som egenlig var dagen før. Spurde kor restaurangen var? Den var stengt, men dei hadde en kiosk bak her kor man kunne få kjøpt mat




Ikkje mykje å skryte av så gjekk rett til sengs og satsa på en betre frokost neste dag.

Dessverre var den heller ikkje noko å skryte av, takke meg til hotelfrokost i Norge ja!


Blei henta i 10-tida og kjørt til hotellet kor dei som kom tysdag hadde overnatta på, før vi dro ned til båten som akkurat hadde lagt til kai i Theodore, AL
__________________
LN-REF is offline   Reply With Quote