View Single Post
Old 06-02-2021, 04:42  
LN-REF
ScanFlyer Gold
 
LN-REF's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Langevåg
Posts: 1,769
United Heimreise frå USA 2. Desember 2020 under COVID-19

Er litt på potta med Trip Reports da eg har to, snart tre turer til eller frå USA som eg ikkje har skreve enda – begynner med den første av desse

Trip Report frå dei seks første turane finnast på desse linkane:
Heimreise frå USA 15. April 2020 under COVID-19
Utreise til USA 26. Mai 2020 under COVID-19
Heimreise frå USA 5. Juli 2020 under COVID-19
Utreise til USA 17. August 2020 under COVID-19
Heimreise frå USA 26. September 2020 under COVID-19
Utreise til USA 28. Oktober 2020 under COVID-19

Alle desse har vert ganske så like routing med AES-OSL-AMS-ATL-MOB og motsett vei heimover, utanom en tur som gjekk via OSL-CDG-ATL

Denne siste turen derimot blei heilt annerledes kor verken ATL, AMS, Delta eller KLM var innblanda. Grunnen til det var at båten gjekk ut på jobb i Gulf of Mexico ca. ei veke før det var heimreise som da igjen betydde at det blei bytte med helikopter denne gangen

Vanlegvis flyr vi med Bristow frå heliporten i Galliano utanfor New Orleans, same heliporten som i filmen «Deepwater Horizon» Sidan Bristow har blitt slått saman med ERA, så blei vi denne gangen tilbyd helikopter frå ERA som flyr frå Houma. Var litt diskusjon fram og tilbake kva helikopter vi skulle bruke da stod mellom to AgustaWestland AW139, N811TA som kunne ta 2800lbs begge veier, eller N109DR som kunne ta 2600lbs

Før vi fikk vite avgangstider frå Houma, blei flybilletter booka frå New Orleans etter kl. 18:00 som er for seint til at man kommer seg til Europa den dagen. Dermed var plana overnatting på hotell før eg skulle fly MSY-ATL-AMS-OSL-AES neste dag med DL, KL og SK

Ut frå vår payload etter at vi hadde sjekka inn alle dagen før, blei det N811TA som var satt opp med ETA 0635 onsdags morgon. Vi ville da komme så tidleg til MSY at man kunne unngå overnatting og fly heim same dag, eg blei da booka om til MSY-IAD-FRA-OSL-AES med CO, LH og SK

UA291 ECONOMY 02DEC MSY-IAD 13:20-16:41
LH419 ECONOMY 02DEC IAD-FRA 18:00-07:55#
LH860 ECONOMY 03DEC FRA-OSL 09:50-11:50
SK1326 BUSINESS 03DEC OSL-AES 17:10-18:10

Etter fem veker om bord ser man alltid fram til byttedagen og Crew Change

N811TA inn for landing på «SPC» for å droppe av Onsigners, deretter gjekk den tom til en nærliggande plattform for å fule da vi ikkje tilbyr det



N811TA inn for andre landing for å hente oss Offsigners


AgustaWestland AW139 er et greitt helikopter å fly med, 3 rader med 4 seter kvar, vi var 10 samt endel bagasje som vi måtte ha i dei to ledige setene også for å få plass til alt. Alle måtte ha munnbind på samt at det var satt opp en enkel vegg mellom pilotane og vi passasjerar

Flyturen inn til Houma tok. ca. 1 time kor vi fløy over sumpen




Ankomst Houma Terrebonne Airport som også PHI flyr mange helikopter ifrå


ERA sin helikopterbase


Kor det andre aktuelle helikopteret, N109DR stod parkert




Samt mange andre variantar deriblant N547WM som er en Sikorsky S76C++


Vel parkert og ute av sjølve heliporten måtte vi vente 5-10 min på bagasjen før vi tok fatt på turen til MSY som tok ca. 55 min


Nærmar seg New Orleans med bru over Mississippi…


…med en del skipstrafikk under


Louis Armstrong New Orleans International Airport har fått en ny flott terminal som opna 6. November 2019 motsett side av flyplassen i forhold til der kor den gamle låg

Som venta var det lite folk som sjekka inn ved United denne dagen, vi blei bedt om å bruke automatar


Etter at innsjekking var ferdig, bar det rulletrappa ned til Sikkerhetskontrollen


Med lite passasjerar gjekk denne relativt raskt å komme igjennom


Vi hadde no reist nokre timer så var på tide å få seg litt lunsj, ikkje alle spiseplasser som var åpne men vi fann Dooks Burgers…


…som solgte, ja nettopp Burgers 


På vei til vår C-piren var vi innom Shake Shack for å kjøpe med litt niste på flyet til Dulles
__________________
LN-REF is offline   Reply With Quote