Re: Hotellbrann, alles skrekk !!
Trur det var i Toronto, der gjekk brannalarmen av midt på natta. Det som kanskje er mest tankevekkande med heile greia, er folk sin (min eigen også) antagelse om at "dette er nok falsk alarm", og dei fleste berre surra rundt på leiting etter brann... Eg kom vel til fornuft ganske fort og gjekk ned. (Forøvrig var det også litt skummelt å sjå kor forvirra eg vart når branndørene mot der heisen var hadde lukka seg; eg kjende meg dermed ikkje igjen i gangen, og brukte lang tid på å finne trappa. Ikkje bra). Det -var- falsk alarm, (evt. eit mindre tilløp vi ikkje vart informert om), men særleg artig var det ikkje.
__________________
none....
|