Thread: Brasil-tråden
View Single Post
Old 13-01-2015, 01:01   #4
sexten
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Jun 2013
Location: BGO
Posts: 289
Default Re: Brasil-tråden

Besøkte Rio under Fotball-VM i sommar, og politioppbudet var jo sjølvsagt enormt.
Som dei fleste andre har vore inne på, kriminaliteten er nok ikkje så enorm som den var for berre nokre år sida men det er heller ikkje ein norsk småby ein ruslar rundt i.

Den beste forholdsregelen er vel eigentleg å ikkje rava rundt gatelands synleg berusa og gjera deg til eit enkelt mål. I Ipanema og Copacabana-området er det såpass mykje folk døgnet rundt (inkludert politi) at eg ville ikkje sett på det som eit problem, og hvis du bur i nærleiken kan ein enkelt gå heim i fred.

Hvis du er ute etter ein liten getaway så kan den vesle "byen" Buzios ca. 3 timars kjøring (eller buss) frå Rio anbefalast. Her har du det stikk motsatte av Rio, alt går mykje meir tregare, alle er litt meir avslappa og du kan forholdsvis billig leiga eit heilt beach house for deg sjølv.

Lykke til! Det vert garantert ikkje din siste tur til Brasil
sexten is offline   Reply With Quote