PDA

View Full Version : Arne Mæland - "Bushpilot" (Bok)


Seabee
04-09-2009, 09:00
I går fekk eg ei fantastisk bok i posten;

Lars Skorpen si bok "BUSHPILOT - Arne Mæland sitt eventyrliv i lufta".

http://tysnesingen.no/artikkel/4116_bushpilot

Den handlar om den kjende norske "bushflygaren" Arne Mæland som har opplevd det meste som kan opplevast med fly og helikopter; eg nemner berre; "bombing" (med kornsekkar...) med SAAB Safari for Grev von Rosen i Etiopia, sjøflyging for Fonnafly, Mørefly, Westwing, helikopterflyging i Papa Ny Guinea, Afrika, Brasil, Australia, for Mørefly, Lufttransport, Helitrans, m.fl.

Den tek for seg Arnes liv frå draumen om å bli flygar oppstod og heilt fram til i dag, og slik Arne no har det etter at han blei lam i 2004 etter ei tragisk ulykke heime på gården.

Boka er ikkje ei oppramsing av tørre flyhistoriske fakta, men gjev eit nyansert bilete av mykje av det Arne har opplevd, og dei menneske han har truffe, i sitt yrke som helikopterflygar rundt om i verda.

Alle som er interessert i norsk flyhistorie, i reising, i korleis det er å leva med eit alvorleg handikapp, i det å treffa menneskje fra andre kulturar vil ha stor glede av å lese denne boka!!!

Anbefalast på det sterkaste!

Boka kostar kr 380,- (+kr 50,- i porto) og kan bestillast direkte fra Arne Mæland på e-post; guitarne@gmail.com eller telefon: 53 43 50 65.

Steinar
http://www.seabee.info