PDA

View Full Version : Regjeringens strategiplan for norsk luftfart


CK
11-06-2008, 14:53
Pressemelding, publisert 11.06.2008

Nr.: 64/08
Meir miljøvenleg og berekraftig luftfart – rettane til passasjerane skal styrkjast
– Dagens lufthamnstruktur skal oppretthaldast. Ressursar og tiltak skal setjast inn for å få ein meir miljøvenleg og berekraftig lufttransport, og rettane til passasjerane skal styrkjast. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegginga av rapporten ”Strategi for norsk luftfart”.

Bakgrunnen for rapporten ”Strategi for norsk luftfart” er uroa ein opplevde innanfor norsk luftfart i slutten av 2005 og byrjinga av 2006. Når luftfarten blir lamma, står viktige delar av samfunnet stille. Føremålet med strategien er å gje ei oversikt over tilstanden i luftfarten og vurdere kva for tiltak styresmaktene kan setje i verk for å forbetre og utvikle forholda i luftfarten.

”Strategi for norsk luftfart” vil vere eit viktig innspel til stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) som regjeringa tek sikte på å leggje fram ved årsskiftet 2008/2009. Luftfartsstrategien er likevel eit sjølvstendig dokument som gjev høve til å diskutere luftfarten meir inngåande og omfattande.

Luftfarten viktig for busetjing og sysselsetjing
Rapporten tek utgangspunkt i at luftfarten i Noreg spelar ei viktigare rolle i transportmønsteret enn i dei fleste andre europeiske land. - Lange avstandar, hardt klima og vanskelig topografi bidrar til dette. Luftfarten spelar ei særs viktig rolle for å halde oppe busetjing og sysselsetjing i alle delar av landet, og difor må dagens lufthamnstruktur førast vidare. Flyselskapa skal ha rammevilkår som sikrar at mesteparten av flyrutetilbodet kan halde fram på kommersielle vilkår, utan tilskot frå staten. Samstundes er statleg kjøp av transporttenester på strekningar som er ulønnsame eit viktig distrikts- og næringspolitisk verkemiddel, seier Navarsete.

Det statleg eide Avinor AS skal framleis ha ansvaret for flysikring og drift av 46 lufthamner i Noreg. Overskotet frå fire-fem bedriftsøkonomisk lønnsame lufthamner er med på finansiere dei andre lufthamnene. Flytrafikken har vakse dei siste åra, og det er behov for å auke kapasiteten både på lufthamnene og i luftrommet. Samferdselsdepartementet vil sikre at Avinor får rammevilkår som gjer selskapet i stand til å løyse oppgåvene selskapet skal vareta, samstundes som Avinor skal halde fram arbeidet med å effektivisere drifta. På lengre sikt kan det òg bli bruk for fleire rullebaner. Dette vil først bli aktuelt på Oslo lufthamn, Gardermoen. Regjeringa vil arbeide for å bandleggje areal til ei eventuell tredje rullebane på Gardermoen.

CO2-avgift og internasjonalt samarbeid
Luftfarten er ei internasjonal næring, og mykje av regelverket blir utvikla på det internasjonale plan, særleg innan EU, ikkje minst når det gjeld tryggleik og miljø. Samferdselsdepartementet vil arbeide for å vareta norske interesse og samstundes sikre gode internasjonale løysingar.

Innanlandsk luftfart er omfatta av Kyoto-protokollen, og som eitt av dei få landa i verda har Noreg innført ei eiga CO2-avgift på innanlandsk luftfart. Utslepp av klimagass frå innanlandsk luftfart utgjer rundt to prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg. - Internasjonal luftfart er ikkje omfatta av Kyoto-avtala, og det finst ikkje noko verkemiddel som regulerer desse utsleppa. Regjeringa vil arbeide for skattlegging av internasjonal luftfart, og for at inntektene skal medverke til å finansiere FN. I tillegg er regjeringa positiv til at luftfarten blir teken inn i kvotehandelssystemet til EU, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Felles klagenemnd for reiser med rutefly
Samferdselsdepartementet vil opprette ei felles klagenemnd for reiser med rutefly. - Med ein sentral instans å vende seg til, blir det enklare for passasjerane. Tidlegare har ein hatt to ulike klageinstansar. Den nye skal vere frittståande og arbeide uavhengig av styresmaktene. Denne instansen vil vere i drift frå hausten 2008, og behandle alle klager retta mot norske og utanlandske flyselskap som flyg ruter både i og til og frå Noreg, seier Navarsete.

Avgjerdene vil vere rådgjevande, men nemnda vil få mynde til å offentleggjere namna på flyselskapa som ikkje følgjer avgjerdene. Luftfartstilsynet kan gje pålegg til flyselskap som ikkje følgjer avgjerda til klagenemnda.

Regjeringa vil vidare vurdere å innføre ei garantiordning som sikrar passasjerar på rutefly mot konsekvensane av konkurs i eit flyselskap.

Rettane til flypassasjerar med redusert mobilitet skal styrkjast, og regjeringa vil fastsetje ein nasjonal minstestandard for kva for tenester denne passasjergruppa har krav på. Samferdselsdepartementet tek sikte på å leggje fram den nasjonale minstestandarden for assistenttenester i næraste framtid.

Tilsyn med arbeidsmiljøet
Regjeringa vil syte for at lovgjevinga sikrar eit godt arbeidsmiljø, og vil samle ansvaret for å føre tilsyn med arbeidsmiljøet for flygarar og kabintilsette i ein instans. I dag er tilsynsoppgåvene delte mellom Luftfartstilsynet og Arbeidstilsynet. Regjeringa tek sikte på å finne ei løysing i næraste framtid. I denne prosessen vil innspel frå partane i arbeidslivet bli varetekne.



http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/2008/meir-miljovenleg-og-berekraftig-luftfart.html?id=516486

Gjett hva jeg skal lese på flyet hjem i dag...

OJB
11-06-2008, 15:14
Kan jeg få pressemeldingen på bokmål takk !

Someone
11-06-2008, 15:16
Kan ikke helt se det er noen nyheter i dette?

OJB
11-06-2008, 15:17
Jeg kom så langt at jeg leste "miljøvenleg og berekraftig".
Ordene er herved notert på mitt ark som brukes under drittpreik bingo.

SQ321
11-06-2008, 15:28
Er ikke dette en "bekreftelse" på at de går inn for en 3dje rullebane på OSL i stedet for å fordele trafikken på OSL, RYG og TRF som det var snakk om i en periode?

Og så leser jeg Aftenposten og får svar på spørsmålet mitt....

FlightDeck
11-06-2008, 19:04
Kan jeg få pressemeldingen på bokmål takk !

hehe... statsråden bruker nynorsk så da blir pressemeldingen på nynorsk :)

Someone
11-06-2008, 19:07
hehe... statsråden bruker nynorsk så da blir pressemeldingen på nynorsk :)


Når har de begynt å skrive sine egne pressemeldinger?:p

FlightDeck
11-06-2008, 19:13
Når har de begynt å skrive sine egne pressemeldinger?:p

hehe... Det slipper de heldigvis, men det er som kjent praksis at departementets valg av bokmål eller nynorsk avhenger av hva statsråden bruker. Det skjer selvsagt at ting går ut på bokmål, selv om statsråden bruker nynorsk, men i alt statsråden skal ha navnet sitt på, må "riktig" målform benyttes...

Egil
11-06-2008, 19:50
hehe... Det slipper de heldigvis, men det er som kjent praksis at departementets valg av bokmål eller nynorsk avhenger av hva statsråden bruker. Det skjer selvsagt at ting går ut på bokmål, selv om statsråden bruker nynorsk, men i alt statsråden skal ha navnet sitt på, må "riktig" målform benyttes...

Nå har ikke jeg noen problemer med nynorsk, men syns at alle pressemeldinger fra regjeringen skal gå ut på bokmål, nynorsk og samisk samtidig :rolleyes:

E!

CK
13-06-2008, 15:19
det var mye av det vi i studeitiden kalte GPP (Generelt PissPreik) i denne rapporten, som var fin å se på om ikke annet. Ikke mye av substans der, men her og der dukker det opp noen "nyheter".
- Regjeringen vil ikke legge ned noen av dagens kortbaneflyplasser
- Man ønsker en garantiordning a'la Reisegarantifondet for rutefly
- Billettavgiften KAN bli gjen-innført. Regjeringen ønsker å skattelegge utenlandstrafikk (som ikke er omfattet av Kyoto-avtalen og ikke har Co2-avgift i dag. Problemet for SP-statsråden er at EU har sagt at man ikke kan legge på flyskatt utenriks, uten å samtidig legge flyskatt innenriks. Det siste ønsker ikke regjeringen, med tanke på distriktene.

...ellers er det MYE bla-bla-bla på de vel 40 sidene som rapporten består av.

OJB
13-06-2008, 16:23
Nå har ikke jeg noen problemer med nynorsk, men syns at alle pressemeldinger fra regjeringen skal gå ut på bokmål, nynorsk og samisk samtidig :rolleyes:

E!

Vi må sansynligvis ta med urdu også.:rolleyes: