PDA

View Full Version : Fly krasja inn i hus


sirpjalle
10-07-2007, 19:53
Fly krasja inn i hus

LINK (http://www.abcnyheter.no/node/48941)

Eit lite småfly krasja inn i to hus i byen Sanford i Florida. Minst fem skal vere drepne

Ein ti år gammal gut skal vere blant dei skadde. Han skal ha brannskader på over 80 til 90 prosent av kroppen, melder Sky News (http://news.sky.com/skynews/article/0,,30200-1274552,00.html)

Også ei fire år gammal jente skal vere frakta til sjukehuset.

Brannmannskapet melder om mange skadde etter ulukka.

Dei to som var ombord i Cessna-flyet som krasja inn i dei to bustadshusa, mista begge livet.

To hus stod i brann etter krasjet. Tre av dei skadde skal ha halde til i det første huset som blei råka, medan ingen skal ha vore heime i det andre.

Ulukka skjedde nokre kilometer frå Orlando-Sanford International Airport.

Flyet som krasjlanda var eit Cessna 310, eit tomotors fly som ofte blir brukt privat eller som taxifly. Det har plass til fem passasjerar.

Visepresident ved flyplassen, Diane Crews, seier at det er uklårt om flyet akkurat hadde letta frå flyplassen, eller om det var iferd med å lande då ulukka skjedde.

ThomAAs
10-07-2007, 20:17
Huff :cry: