roger
25-12-2014, 21:23
I helga (i november ein gang) reiste eg til Ålesund-traktene for å treffe nokre kompisar og feire eit tidleg "julebord". Eg har aldri reist til Ålesund med fly før, og eg har heller aldri reist med ATR72 og SAS/Operated by JetTime, så difor kjem det ein kort rapport.
Eg våkna tidleg på fredag for å rekke bussen som går halv åtte heimanfrå. Då eg sjekka fly-status på SAS-appen stod det "Cancelled" i statusfeltet der ein kan trykke på sjekk-inn. "Oi oi, dette blir stress", tenkte eg. Eg måtte vente til sju for å ringe SAS (og traff også på den idiotiske sperra til Telenor som tvinger oss til å ringe det fem-sifra nummeret). Fekk førehaldsvis fort svar og snakka med ei svensk dame som ikkje kunne sjå noko feil. Eg hadde jo også sjekka internettet, og der var det heller ingen teikn til problem. For å vere sikker, ringde eg til Ålesund og snakka med ein veldig hjelpsam kar der, som heller ikkje hadde høyrt om problem. Maskina er på veg frå Bergen no, sa han. Godt å vite. Morgonen vart ein smule meir stressande enn vanleg, og eit par ting eg tenkte å ta med meg i kofferten vart gløymt. Men men. Dette bør SAS fixe, eg skal melde inn feilen. På forumet kom det fram at ein anna brukar også har sett denne feilen.
Den grøne bussen min var i rute, og eg kom tidleg til eit flybusstopp. Første flybussen som kom forbi var Værnesekspressen, så då tenkte eg at eg kunne prøve den for første gang på mange år. Eg hadde lagt opp rikeleg med margin, så eg var tidleg på flyplassen. Av ein eller anna grunn (gammal vane, vil eg tru), gjekk eg til ein automat, skreiv ut boardingkort og bagasjelapp. Men vent! Eg skulle jo berre reise med handbagasje, for å vere sikker på å nå flybussen frå AES (unødig bekymring, viste det seg seinare). Det var lang kø med utanlandsk millitært personell i bemanna sjekking, så eg leverte inn bagasjetaggen til ei av damene i billettskranken og fekk eit smil og "takk for at du sa frå, dette skal eg fikse for deg".
Sikkerheitskontroll gjekk fort, og så var det berre å fylgje med på ferda til OY-JZY frå Ålesund til Trondheim på wf.no, og flytte seg rundt i kabinen for å prøve å kapre ein to-setar for meg sjølv (så det printa boardingkortet hadde eg lite bruk for).
SK4147 TRD-AES 1010, sete 15F
38037
Omtrent parkert
Flyet kom inn på rute, og vi kom oss kjapt ombord. Dette flyet er i JT livery, og er slett ikkje det SAS reklamerar for; nye fine ATR-fly...
38044
JT livery
Dette var ei skikkeleg skikkeleg skranglekasse. Praktisk nok; det var bagasjehyller bakerst, og trillekufferten vart kommandert dit av ei myndig dansk flyvertinne.
38038
Ganske slitent her...
Seta var ikkje gode. Kanten på setet framfor var så låg at det var uråd å strekke ut føtene, sjølv om det var grei plass til knea. Greitt nok for 55 minutt, men heller ikkje meir.
38039
Tja... Ikkje særleg gode seter
Mange seier at ATR er stillare og rolegare enn Dash-8, så eg var litt spent. Og hjelpe meg, det stemte _ikkje_. Eg angra veldig på at eg gløymde Bose på jobben... Det var eit lydnivå uten like. Eg sat rett bak motoren og fekk alt i fanget. I lufta skrangla det skikkeleg, og det var ei lavfrekvent rumling/risting i heile kabinen.
Turen gjekk elles bra, eg fekk kaffi, las bok og såg på utsikta.
38040
Utsikt til gassanlegg på Møre
38041
ATR har ganske rar flaps (samanlikna med det vesle eg har sett før. Sikkert ein italiensk ide :) )
Vi landa litt før rute og då var det berre å gå ut og sjå om eg såg bussen. Eg hadde hatt god tid til å få ut bagasje også... Ringde til ein kompis som hadde komme med same maskin frå Bergen eit par timar tidlegare, trefte han, sette oss på flybussen og kom oss iveg.
SK4146 AES-TRD 1610, sete 6A OY-JZH iflg. wf.no, JZG iflg. FR24, det er feil. Eg kan skimte JZH på eit av bilda eg tok.
Etter ei bra helg i godt selskap, var det på tide å komme seg heim. ID-reisande kamerat hadde sett seg ut ei rute med rett farge på smilefjesa som førte til at vi måtte iveg ganske tidleg. Greitt nok det; vi åt burger og hadde det bra. Eg såg at flyet var litt forsinka frå Bergen, men på skjermane forsvann forsinkinga fort og det såg ut til at forsinkinga var jobba inn. Ny ankomsttid var 1722, 8 minutt før rute. Det viste seg å på ingen måte stemme; flyet kom 1745.
Avgang var frå gate 1, ei gate med pre-boarding-area. Og der stod det lenge at det var eit fly til Oslo som skulle gå. Det vart endra rett før flyet vårt kom inn, men det var det jo ikkje alle som fekk med seg. Ein norsk passasjer fekk "feil pip" ved boarding og måtte snu; han skulle til Oslo. Mange andre gjekk ombord. Denne gangen var det ikkje mogleg å få seg ledig sidesete; nesten fullt fly iflg. setekartet.
38045
Betre!
38042
Mykje freshare her. Trur ny-fly-lukta sat i også.
Vel ombord begynner "moroheitene". Ei ung dame set seg ned på setet framfor meg, og rett etterpå kjem flyvertinna i fylgje med ei anna som også ville sitte på 5A. Då viser det seg at ho som set der (utanlandsk, snakkar ikkje norsk) skal til London via Oslo. Korleis ho kom seg ombord i flyet kan ein lure på. Så ser det ut til at også ein passasjer til går av flyet. Så kjem bakkemannskap ombord to gangar med nokre minutt mellomrom og leitar etter ein fyr. Han finn dei ikkje (evt. så vil han ikkje gi seg til kjenne), og dei må begynne å laste av bagasje. Det går nesten 30 minutt før leitinga endar.
Endeleg kjem vi oss avgårde. Og dette var ei anna oppleving. Flyet er nytt av året og dette virka som at det hang saman. Raka motsetningen til søkenflyet fredagen. Kabinen var lys og fin og det såg ut til at overhead bins er større. Null problem å få inn kofferten der.
Det vart meir bok og etter ei sløyfe uti fjorden for å gi rom til ei landing og ein avgang såg det ut til, landa vi greitt. Det var overraskande lite turbulens, men vi fekk eit rykk rett før dei framme bestemt sette flyet ned. Ein ting eg la merke til er at brytninga i glasa gjere at det ser ut som om ein køyrer med kurs rett av rullebana. Det var nesten litt guffent.
38036
Knute på tråden!
38043
Ikkje lett å sjå det nye SK-liveryet på bildet i mørkret. Men fin maskin var det!
Så var det berre å finne flytaxi (orka ikkje tanken på buss og søndags/kveldsruter) og komme seg heim.
Rotet i Ålesund var litt merkeleg, så SAS leverte ikkje heilt. Men alt i alt ein grei tur med SAS/Operated by JetTime, i alle fall med den nye maskina.