PDA

View Full Version : First og fremst for fun


AndersE
06-08-2014, 11:06
Heilt sidan eg byrja å følgje med på Scanair/Flyprat, har tripreportane frå USDM-bonanzaen på Lufthansa First frista meg veldig. Eg kom aldri så langt at eg utnytta denne mulegheiten før det blei stengt for LH F, men måtte satse på Eurobonus-poenga for å få oppfylt denne vesle draumen.

Det er ikkje så lett å få til, både på grunn av 14-dagars-faktoren, samt eit par barnefødslar dei siste par åra, men i sommar blei det ein tur. Etter å ha fulgt nøye med på ANA gjennom sommaren, der Boston peika seg ut som ein god kandidat, kom det endeleg ein moglegheit i slutten av juli. Det viktigaste var å fly via Frankfurt på grunn av First Class Terminal. Det andre kriteriet var at den nye first class-kabinen måtte prøvast ut. Den tredje faktoren var å få så mange timar i lufta som mogleg. Dette er i alle høgste grad ein tur der sjølve reisa er målet, så det ville uansett berre bli ein dag på reisemålet før det bar heim for å skifte bleier.

Det blei til slutt Boston, med følgjande reiserute:

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1264_zps0c282165.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1264_zps0c282165.jpg.html)

OSL-FRA LH859 A320-200 C
FRA-BOS LH420 747-400 F (Ny First)
BOS-FRA LH421 747-400 F (Ny First - først endra til gammal F, før tilbake til ny F dagen før avgang)
FRA-BRU LH1016 E190 C
BRU-OSL SN2287 Avro C

Alle bilder er tatt med iPhone, dermed litt ymse kvalitet.

AndersE
06-08-2014, 11:07
Sidan avgangen frå FRA var kl 17.50, slapp eg å ta 06.10-avgangen til Frankfurt. Dermed var det avreise heimanfrå 7.30, akkurat passe.

Innsjekk var nesten utan kø, og gjekk rimeleg greitt. Den unge dama i skranken fekk ei par "warnings", men var einig med leiaren sin i at det var OK så lenge det sto "ESTA on file" på skjermen. Fast track var rask, og litt dollar og fem boksar snus rikare gjekk eg til den innerste SAS-loungen. Litt frokost og aviser vart konsumert, før det byrja å nærme seg ein halvtime igjen til avgangen 10.10. Då fann eg ut at eg skulle slå på flightmode på iPad og PC. PCen, som er litt aldrande, hadde berre ørlite batteri igjen, og gjekk i dvalemodus. Som ein (nesten) kurert flyskrekk-passasjer ville eg vere heilt sikker på at PCen var av, slik at flyet ikkje skulle styrte på grunn av meg. Men ladding, oppstart og lukking av program tok tid. Så når eg gjekk med veldig lange steg ut frå loungen sto det "gate closing" på skjermen. Det var sikkert ingen fare med 20 minutt igjen til avgang, men tanken på at denne mildt sagt etterlengta turen skulle gå i dass på grunn av at eg ikkje rakk flyet frå OSL fekk fart på dei stive lemmane.

Det gjekk heldigvis og sjølvsagt utan problem, og eg sat meg ned i 3C, og flytta seinare til 4F. Vindusplass er best i mine auger, og eg får dei finaste naturopplevingane mine frå eit flysete.

12 av 24 seter i biz-kabinen var besatt, og etter at ein av passasjerane fekk levert den gjengløymde tableten sin, pusha vi nokre minutt før tid.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1193_zps2403ed00.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1193_zps2403ed00.jpg.html)

Ganske snart kom det eit matbrett, som på ingen måte var noko å hoppe i instrumentpanelet for. Den flighten eg hadde i SAS Plus før sommaren (riktig nok ettermiddagsmåltidet) var fullt på høgde. Det tok også ei god stund før eg fekk vatn og kaffi til maten, då ho som køyrde den tralla blei ståande å prate med ein passasjer ganske så lenge. Men maten gjekk ned, eg såg utover det eg trur må ha vore Tyskland, og eg fekk spørsmål om eg ville ha noko meir. Med fem timar i FCT tenkte eg at eg kunne spare litt krutt til då, så eg forholdt meg roleg.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1199_zps95dde9b2.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1199_zps95dde9b2.jpg.html)
Herleg sjølvmotseiing på do

Flytida var 1.45, og med berre ein markert sving i innflyginga landa vi nesten ein halvtime før rutetabellen, og var parkert 19 minutt før oppsatt tid sjølv om vi landa "feil veg" på den enkeltståande rullebana og måtte takse heilt tilbake.

Heldigvis var vi på remote stand, og det sto ein glinsande Mercedes og venta. Kabinbesetninga sa til meg at bilen sto klar på veg ut, så dei hadde god kontroll.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1212_zpsacb04377.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1212_zpsacb04377.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1216_zps7e4f2bdd.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1216_zps7e4f2bdd.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1217_zps9d75a7d7.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1217_zps9d75a7d7.jpg.html)

Eg delte bil saman med to andre, og den fyrste blei satt av ved terminal A, og då hoppa eg og av. Sjåføren ville ta meg vidare til terminal B, men eg hadde gjort researchen min og ville av. Eg strena gjennom ankomstområdet, og tok til venstre slik fleire gode rapportar og guidar har informert om.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1223_zpsd9f116bb.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1223_zpsd9f116bb.jpg.html)

Eg kjente igjen fotgjengarfeltet, taxiparkeringa og kaffi-sjappa, før eg såg The Holy Land openberre seg litt lenger framme. Då skal eg innrømme det blei nokre selfies.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1226_zpse99590ab.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1226_zpse99590ab.jpg.html)

Etter den berømte heisen blei eg tatt fint i mot, og ført gjennom verdens høfligaste sikkerheitskontroll. Dama spurte om eg visste at dei kom og henta meg når neste fly skulle gå, og eg svarte at ja, det hadde eg fått med meg. Sannheita er vel eigentleg at eg har lest 200 tripreports der dette er grundig omtala.

Å komme inn i FCT var nesten som å komme til ein plass eg hadde vore fleire gongar før, igjen på grunn av litt grundig research. Det var mykje folk her, og eg tenkte fyrst at her er det mange som er flinke til å dra Trumf-kortet før dei brukar AmExen til å betale for fiskepuddinga på Kiwi! Eg trur riktig nok mange hadde flightar ut rundt 13-14, for det blei ganske tomt etter kvart.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1235_zpsc53a3898.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1235_zpsc53a3898.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1236_zps5f412ee9.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1236_zps5f412ee9.jpg.html)

Eg tok fyrst ein liten lunsj og diverse spekemat i restauranten, før eg søkte det hjørnet der ein enorm barnefamilie hadde slått leir. Det var greitt å bli minna på korleis livet mitt eigentleg er. Etter litt bobler og ein weissbier seig eg over til sigarloungen for å ha gjort det også. Sigarerfaringa mi strekk seg til litt misbruk i ungdomstida, men eg fekk no fyr. Med eit raust glas Cabernet Sauvignon vart det ei fin stund her inne.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1241_zpsbaba4cd8.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1241_zpsbaba4cd8.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1244_zps68584e21.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1244_zps68584e21.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1247_zps8e9075fb.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1247_zps8e9075fb.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1237_zps6f0e3230.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1237_zps6f0e3230.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1254_zps1a76c365.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1254_zps1a76c365.jpg.html)

Derifrå gjekk det vidare til oppfriskingsavdelinga, og badekaret var ledig. Eg spurte om det var mogleg å ta med seg ei øl frå baren i karet, og det var det absolutt. Så då la eg meg ned og høyrde på Åge, og sjølvsagt "Min dag". På veg ut spurte eg ho som styra med dusjavdelinga om eg fekk lov til å ta med anda til mi vesle dotter (som på ingen måte har bedt om ei badeand frå FCT), og det var ingen problem.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1253_zps1f8032a2.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1253_zps1f8032a2.jpg.html)

I mangel på noko betre å ta seg til, gjekk eg til restauranten igjen. Biff var eit naturleg val på carten, og den smakte bra.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1257_zps7d092a64.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1257_zps7d092a64.jpg.html)

Ein liten time før avgang såg eg til mi forskrekking at 25 grader og sol var bytta ut med ei haglskur som meinte alvor. Eg takla det på best mogleg vis med å ta ein slurk bobler, og berolige meg med at eg ville bli køyrt nesten heilt til døra.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1262_zpse307d282.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1262_zpse307d282.jpg.html)

Så blei eg henta, og tatt ned ein etasje. Eg delte Mercedes med ein HON-kar som reiste mellom Europa og USA ein gong i veka, og så langt i år hadde hanka inn 500 000 miles. Han var like entusiastisk over bakkeproduktet til Lufthansa som eg var, og var ikkje i tvil om at det var HON-status som gjaldt.

AndersE
06-08-2014, 11:08
http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1267_zps89d4be74.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1267_zps89d4be74.jpg.html)

Om ord i flyet blei eg vist opp den forgjetta trappa, der to damer i 40-åra tok i mot meg og førte meg til 83H. Etter å ha lest alle desse tripreportane var det deilig å endelig sitte i dette elegante og høgst komfortable setet.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1270_zps3aacbdd3.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1270_zps3aacbdd3.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1277_zps85781dd9.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1277_zps85781dd9.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1282_zps53d61874.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1282_zps53d61874.jpg.html)

Champagnen kom raskt, saman med nøttene. Amenities, menyar og purser kom på rad og rekke.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1283_zps1127deb7.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1283_zps1127deb7.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1284_zps62c1b123.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1284_zps62c1b123.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1286_zps581ec018.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1286_zps581ec018.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1287_zpsd1a14d70.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1287_zpsd1a14d70.jpg.html)



http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1288_zps533af383.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1288_zps533af383.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1289_zpsd7422fbe.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1289_zpsd7422fbe.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1290_zpsfba171a9.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1290_zpsfba171a9.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1291_zps8e2f0a74.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1291_zps8e2f0a74.jpg.html)



http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1292_zps9bce5c3e.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1292_zps9bce5c3e.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1293_zps39fc8e88.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1293_zps39fc8e88.jpg.html)

Avgangen blei eit drygt kvarter forsinka, på grunn av at lastinga måtte stoppast mens det verste veiret sto på. Eg tok ikkje på veg av det.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1302_zps75f2e7a2.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1302_zps75f2e7a2.jpg.html)

Eg gjekk så igjennom IFE'en, og kan vel ikkje seie at eg blei overvettes imponert. Skjermen er ikkje særlig skarp, og utvalget begrensa. Eg fann Smaug-filmen, og det var vel nesten den einaste eg kunne tenke meg å sjå.

AndersE
06-08-2014, 11:08
Maten byrja å komme ein dryg time etter avgang, og det var sjølvsagt kaviar fyrst. Den fell absolutt i smak, og det tøffe frosne glaset med vodka var silkemjukt.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1308_zps50e51623.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1308_zps50e51623.jpg.html)

Eg prøvde også eit par av forrettane, kalv og salat, utan at dei gjorde eit stort inntrykk på meg. Kvitvinen frå Frankrike var på si side veldig god.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1305_zps002caf88.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1305_zps002caf88.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1309_zps414d3401.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1309_zps414d3401.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1311_zpsdfe87a15.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1311_zpsdfe87a15.jpg.html)

Til hovudrett valde eg lam, og syns det såg veldig bra ut når det kom på bordet. Men det var ikkje heilt det store når eg fekk det i kjeften. Eg er ikkje noko ekspert på verken mat eller lam, men eg syns det var på grensa til tørt, for ikkje å seie seigt. Eg fullførte ikkje retten, men gjekk vidare til ostefatet.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1315_zpsa88eec76.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1315_zpsa88eec76.jpg.html)

Der var det veldig mykje godt, og eg tok den saman med Haut-Medocen eg fekk til hovudretten. Dessert blei det ikkje så mykje av.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1317_zps0b4bdebd.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1317_zps0b4bdebd.jpg.html)

Vidare heldt eg fram med raudvin, Smaug og internettbruk. Det kosta 15 euro å få nett om bord i 24 timar. Ingen tvil om at det var verdt det for meg, men hadde eg betalt 65 000 for denne billetten, ville eg satt pris på at Lufthansa slang på gratis nett om bord. I alle fall om eg var på ei jobbreise.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1310_zps6e747df3.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1310_zps6e747df3.jpg.html)

Eg hadde jo ikkje lyst til å sove. Eigentleg hadde eg ikkje lyst til å lande heller. Men eg tenkte eg måtte prøve senga for skams skuld, og glei inn i pysjamasen. Den var veldig behageleg.
Men ganske snart blei det eit lite måltid når det nærma seg landing. Eg hugsar ikkje kva det heitte, men det var noko skinke på noko brød, som var gratinert. Trur eg. Og salat. Ikkje noko å hugse så veldig lenge.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1332_zps9b5e65b7.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1332_zps9b5e65b7.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1334_zps2a47e433.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1334_zps2a47e433.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1335_zps61cf1b71.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1335_zps61cf1b71.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1336_zps270fded8.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1336_zps270fded8.jpg.html)

No var det snart ankomst Boston, og det var tungt å akseptere.
På veg til immigrasjonen møtte eg igjen HON-karen frå bilen, som i løpet av turen hadde blitt flytta opp i F. Han hadde Global Entry, og var vel heime og i seng før eg kom fram til TSA. Denne køa var rimelig lang, og det tok ein knapp time før eg kom fram til den fleipande officeren. Han spurte litt om kvifor eg berre skulle vere i Boston ein dag, men flira då eg forklarte den litt framskridne sinnssjukdommen min.

AndersE
06-08-2014, 11:10
Etter å ha plukka opp bagasjen var det å stille seg opp i pick-up-området og vente på van'en frå Four Points by Sheraton. Hotellet vart valgt sidan det var billigare enn det meste eg fann (rundt 1500), og sidan berre skulle rett i seng var det ikkje så viktig for meg kor det låg.

Bilen kom i løpet av ti minutt, og tok meg til et heilt greie hotellet. Det var ingen problem å sovne, sidan klokka var rundt 04 norsk tid då eg kom på rommet.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1345_zps623cb2a5.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1345_zps623cb2a5.jpg.html)

Eg våkna sjølvsagt tidleg neste dag, og tok ein standard frokost på hotellet. Etter litt avslapping på rommet sjekka eg ut, og ba om ein taxi til ei golfbane eg hadde sett meg ut. Etter nokre gode timar i bra sol, saman med to canadiske brødre, var det lunsj og Samuel Adams i klubbrestauranten. Då kom også ein SMS frå Lufthansa om at flighten min var ein halvtime forsinka. Då tok eg ei øl til.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1348_zps76db631e.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1348_zps76db631e.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1351_zpsb468f720.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1351_zpsb468f720.jpg.html)

Ein taxi tok meg så inn til sentrum, der ein kompis av ein kompis var klar for å møte meg nokre timar. Eg slengte koffert og golfbag i bilen hans, og han lurte på kva vi skulle finne på. Det blei litt mat og øl, før han køyrde meg til Logan med ankomst knappe tre timar før avgangstid. Eg fekk med andre ord sett veldig begrensa delar av Boston, men det var greitt å prate med nokon som ikkje var betalt for å prate med meg.

AndersE
06-08-2014, 11:10
http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1356_zpsb715fee1.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1356_zpsb715fee1.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1357_zps6d8378e8.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1357_zps6d8378e8.jpg.html)

Eg måtte vente eit par minutt på det raude teppet, men vart vinka til business-skranken då den vart ledig. Her fekk eg raskt ordna med alt, og berre for å dobbeltsjekke at det eg hadde sett på nett om ny first stemte, spurte eg om ho visste noko om det. Etter å ha spurt sin overordna og sagt at det nok var gammal F, konstaterte eg at ho ikkje hadde peiling.

Tryggingskontrollen gjekk rimeleg raskt med fast track, og ein ganske folksom E-terminal møtte meg. Det var også nokre fly å kvile augene på.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1361_zps6e78eb41.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1361_zps6e78eb41.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1362_zpscddbb048.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1362_zpscddbb048.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1368_zpsf532b447.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1368_zpsf532b447.jpg.html)

Eg gjekk til Senator-loungen, som ikkje var stor og sånn passe rikhaldig. Med eit par timar å slå i hel her, vart eg noko trøytt etter kvart - og det blei litt slumring.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1363_zps09afb823.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1363_zps09afb823.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1365_zps799a8f83.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1365_zps799a8f83.jpg.html)

Når det nærma seg den nye avgangstida gjekk eg til gaten, berre for å konstatere at det var fullt kaos og ingenting som skjedde. Etter litt venting starta pre-boarding av familiar, før First og HON slapp om bord.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1367_zps00a3f64e.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1367_zps00a3f64e.jpg.html)

Då eg kom inn døra møtte eg den same purseren som på vegen over, og i andre etasje var det dei same to damene som romsterte. Setet vart denne gongen 82C.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1370_zps72bf9224.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1370_zps72bf9224.jpg.html)

Alt var ein repetisjon av flighten for eit døgn sidan, med Laurent-Perrier, Van Laak, Escada-bag og Pepso-dent. Menyen er vel litt meir kompakt på ein nattflight, men eg ba sjølvsagt om alt.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1372_zps845cc696.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1372_zps845cc696.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1373_zps5ea225aa.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1373_zps5ea225aa.jpg.html)

Det kom to karar til i First på denne avgangen. Den halvtimes forseinkinga blei nesten til ein time, men flytida var noko skuffande berre på 6t15min.

Når vi fyrst pusha kom vi raskt avgårde, og serveringa starta vel etter rimeleg kort tid. Kaviar, nokre greie forrettar og ein biff med prosciutto og sopp kom på rad og rekke. Biffen var god, men eg greidde ikkje fullføre. Det vart vel den italisenske raudvinen til denne. Og Hunger Games 2 (?) på skjermen. Denne var imidlertid ikkje veldig interessant eller underhaldande.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1375_zps20dedb43.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1375_zps20dedb43.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1376_zps388fee35.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1376_zps388fee35.jpg.html)
Vodkaen var denne gongen lunken, og då er han langt frå like god.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1377_zpsdebcab91.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1377_zpsdebcab91.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1378_zps057c06c6.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1378_zps057c06c6.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1380_zpsec588295.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1380_zpsec588295.jpg.html)

På dette tidspunktet sleit eg med å halde meg våken, og gjekk for å skifte til den alt for trange pysjen (hadde fått dame-versjon etter at damene skjønte at eg ville ta den med heim til kona etter å ha spurt om eit par hakk mindre størrelse enn sist). Senga var veldig grei å ty til no, og dei to timane eg hadde plotta inn på alarmen blei til tre.

Då var det berre å dra seg opp for å få med seg siste rest av denne flygeopplevinga. Frukosten kom raskt etter dette, med noko frukt og ein heilt fin omelett. Etter dette var det berre å slumre inn resten av denne flyopplevinga, som eg sannsynlegvis ikkje får prøvd igjen.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1381_zps2ac680f5.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1381_zps2ac680f5.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1382_zps7b96ff0f.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1382_zps7b96ff0f.jpg.html)

Vi parkerte på det eg trur er den nyaste piren (Z eller A50-69?), og det var berre å ta beina fatt på den same ruta mot FCT.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1385_zps78ab65c0.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1385_zps78ab65c0.jpg.html)

AndersE
06-08-2014, 11:11
http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1386_zpsd9d17639.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1386_zpsd9d17639.jpg.html)

Her var alt like hyggjeleg som sist, og med fire timar eller så tilgjengeleg drog eg igjennom same program som sist.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1387_zpsb1d5741f.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1387_zpsb1d5741f.jpg.html)
Fristande, men man kan da ikke sove i en sådan stund.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1388_zpsa891d358.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1388_zpsa891d358.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1389_zps04a3d86d.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1389_zps04a3d86d.jpg.html)

Etter kvart som klokka nærma seg avgang Brussel, lurte eg på om eg skulle gøyme meg ein lur plass for så å aldri forlate denne staden. Men dama kom før eg fekk gjort det, og ho førte meg ned til Cayennen og sjåføren. Han fortalde at bilane blei bytta ut ved rundt 25000 km, og at dei stort sett berre fekk brukt hestekreftene når bilane skulle ut av flyplassen for vask. Eg hugsar ikkje om farstsgrensa inne på området var 30 eller 50 km/t, men Prosche-motorane likte vist ikkje så godt å berre putre rundt slik. Eg kom fram til Embraeren, og fekk mitt vindaugssete og innsåg at alle flyturar etter dei to siste vil vere litt stusselegare enn før.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1398_zps75a29d29.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1398_zps75a29d29.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1396_zpsa55392dd.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1396_zpsa55392dd.jpg.html)

Det er kort flytid til Brussel, men det kom ein liten matbit og ei øl. Eg fullførte vel ikkje, og døsa litt av på veg inn.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1400_zps87af91f3.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1400_zps87af91f3.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1401_zps0ae796da.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1401_zps0ae796da.jpg.html)

Vi var vel på gate noko etter tid, og eg peila meg inn på Brussels Airlines sin lounge, for å teste noko nytt. Den var midlertidig flytta ned på bakkeplan pga oppussing så langt eg kunne oppfatte. Den var heilt grei med eit anstendig smårett-nivå, sjølv om den var ganske folksom. Eg tok ei suppe, cola og sjølvsagt ei Leffe frå ei mini-tappekran.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1403_zps9ecfbfda.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1403_zps9ecfbfda.jpg.html)

Etter ei stund fann eg ut at eg heller vill sitte i SAS-loungen betre, spesielt på grunn av betre utsikt. Så då blei det ein dryg time her også før SN-flighten gjekk rundt 20.45.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1407_zps6cc3873f.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1407_zps6cc3873f.jpg.html)

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1410_zpsecb8ef43.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1410_zpsecb8ef43.jpg.html)

Eg må seie eg likar BRU, that is etter ein er ferdig med alle trapper og underjordiske tunnellar, som eg riktig nok slapp ettersom eg var i transfer i same terminal.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1412_zps6c9b0c3c.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1412_zps6c9b0c3c.jpg.html)

På Brussels Airlines var det rask ombordstigning og behageleg beinplass på 1A. Ei rad med business og tre mann gjorde det ikkje spesielt trangt. Men det virka som det var mykje folk om bord elles. Eit glas kvitvin fekk eg før avgang også. Men så var det slutt for min del, og eg hugsar ingenting før vi landa i Oslo.

http://i983.photobucket.com/albums/ae318/Anders_Eltvik/IMG_1415_zps71d45648.jpg (http://s983.photobucket.com/user/Anders_Eltvik/media/IMG_1415_zps71d45648.jpg.html)

Der blei det buss-transport inn og ekstra passjekk på grunn av den mykje omtala terrortrusselen som sto på desse dagane. Taxfree og flytog-taxi heim, og i seng 01.00 etter dette.



Etter å endeleg ha prøvd Lufthansa First sit ein jo att med ei tom kjensle, og har ikkje noko meir å drøyme om her i livet (Singapore F er vel ikkje vits å tenkte på ein gong). Som flyoppleving er både bakke- og luft-servicen heilt upåklageleg i mine auger. FCT er vel kanskje det kulaste med Lufthansa First. Business hos Lufthansa i Europa er ikkje mykje å trakte etter, langt mindre betale for så lenge ein har Gold. Om det er verdt å betale for First? JA, så lenge ein har mykje pengar. Takk for meg!

Someone
06-08-2014, 12:01
Takk for titten.
Var det tilgjenglighet eller for og prøve noe annet at du endte opp med via BRU på siste stykket hjem?

Angående lam så er det sjansespill ombord i fly og er langt oftere mislykket enn vellykket, så velger alltid noe annet i luften

darkcho
06-08-2014, 14:40
Fornøyelig rapport, alltid kjekt å lese disse F rapportene :)

ILS2
06-08-2014, 14:49
Perfekt lunsjlektyre. Takk skal du ha.

cforoe
06-08-2014, 14:57
For en som er helt blank på området, hvor mange poeng/kroner koster en slik tur?
Tror jeg reiser alt for lite selv til å oppnå en slik tur, men det er jo lov å drømme. For øvrig en veldig bra rapport.

Bizflyer
06-08-2014, 15:25
Gliiiiiiimrende rapport! Til tross for at den var på nynorsk! ;)

Ble kraftig misunnelig! Må rett hjem og lete i ANA tool hele kvelden tror jeg!

Takk for du delte med oss!

AndersE
06-08-2014, 16:00
Var det tilgjenglighet eller for og prøve noe annet at du endte opp med via BRU på siste stykket hjem?

Det var mangel på seter som gjorde at det blei via BRU. FRA-OSL var så godt som heilt tørt. Lurer på om det er for å legge enda ei sperre i vegen for oss som må bestille 14 dagar før.

CFOROE: Turen kostar 150 000 EB-poeng, og avgiftene kom på rundt 4500 kr.

Takk for kommentarar!

hanswest
06-08-2014, 16:30
Sitter her hos SAS i Brussel og leser. Fantastisk morsom rapport, tusen hjertelig! Spesielt artig for en som kanskje blir lei av og reise til tider siden jobben "hele tida" innebærer reise, men kunne nok tenkt meg en sånn F-tur bare for turen sin del ja!

peterfox
07-08-2014, 03:40
Fanstaiful - fantastic.... LH F Fucking Fantastic, vi drummer alle om eit slikt eventyr..

HS-TLD
07-08-2014, 07:29
Takker og bukker for flott rapport, fine bilder og artig tittel....:up:

Kjenner fortsatt et snev av misunnelighet mot de av dere som har reist med LH i F....;)

...Til tross for at den var på nynorsk...! ;)

Laaangt mer eksotisk på nynorsk....:D

Flight Cancelled
07-08-2014, 08:19
F-antastisk rapport! Fikk ikke mindre lyst til å prøve LH F nå, særlig med ny F på 744... :p


En ting jeg lurer på: hvorfor ble du ikke kjørt til FCT? Tilbyr de ikke det? (Det høres jo passe teit ut: "Joda, du har tilgang til en av verdens kuleste terminaler og du har betalt shitloads med $, men vi kjører deg ikke dit nei.")

LN-FHU
07-08-2014, 09:00
Takker for F-lott rapport....savner LH F ja....Har heldigvis to erfaringer med dem, men for all del....kunnne gjort det igjen nårsomhelst :D :D :D



En ting jeg lurer på: hvorfor ble du ikke kjørt til FCT? Tilbyr de ikke det? (Det høres jo passe teit ut: "Joda, du har tilgang til en av verdens kuleste terminaler og du har betalt shitloads med $, men vi kjører deg ikke dit nei.")

De tilbyr ikke kjøring til FCT da dette kun er avreiseterminal....:)

jb1
07-08-2014, 09:14
Et behagelig avbrekk i hverdagen!

SE-AER
07-08-2014, 09:41
Takk for en fin rapport! :)
Håper selv på å ta min andre tur med LH F om ikke alt for lenge.

Angående lam så er det sjansespill ombord i fly og er langt oftere mislykket enn vellykket, så velger alltid noe annet i luften
Jeg har aldri blitt fornøyd med de kjøttretter jeg har spist i luften, de er stort sett alltid overstekte og tørre. Tror jeg skal satse på fisk istedet, eller muligens fugl. Det beste jeg spist i luften var en fiskerett på LX C for noen år siden.

Dag Viking
07-08-2014, 21:13
Takk for rapport. Godt å se at LH har skrudd opp kvaliteten flere hakk på både champis og vodka.
Personlig synes jeg FCT er litt overvurdert, og trives minst like godt i ZRH, MUC, CDG eller noen av FCL på FRA.

Insomnia4u
08-08-2014, 00:26
Underholdende og godt skrevet :)