PDA

View Full Version : Opninga av Kvisvegen gir auke på Ørsta/Volda


wf145
29-08-2012, 08:24
Henta frå NRK Sogn og Fjordane (http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8299425)

Den 22. september opnar Kvivsvegen mellom Grodås i Nordfjord og Kalvatn i Volda. Vegen betyr ein heilt ny kommunikasjonsmessig kvardag for folk i området, noko som også vil ha innverknad for flytrafikken.

Kjetil Åren som er Avinor sin ansvarlege ved flyplassen mellom Ørsta og Volda seier dei vil få mange passasjerar som før har reist frå Sandane. Åren seier det truleg er snakk om mellom 15.000 og 20.000 Nordfjord-passasjerar som etter vegopninga i staden vil bruke Ørsta-Volda.



Artig at to store veg-samband; Eiksundsambandet og Kvisvegen gjer at ein kortbaneflyplass får auka passasjergrunnlaget sitt, vanlegvis er det omvendt.

Tristar1011
29-08-2012, 09:05
Gleder meg til neste tur hjem til Volda, skal bli greit å slippe veien fra Stryn og ferja fra Folkestad!

roger
29-08-2012, 09:35
Henta frå NRK Sogn og Fjordane (http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8299425)



Artig at to store veg-samband; Eiksundsambandet og Kvisvegen gjer at ein kortbaneflyplass får auka passasjergrunnlaget sitt, vanlegvis er det omvendt.

Hehe, kjem vel an på kva ende av vegen ein set i, i dette tilfellet. Dei er vel ikkje like optimistiske for Anda. Uansett er det bra med ny veg der, tenkjer eg!

wf145
31-08-2012, 14:12
CA 2:50 ut i innslaget er det ein ny reportasje:
http://go.nrk.no/go/e/nettvleft;siteId=185;afu=www.nrk.noa47nett-tva47klippa47863678/http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/863678