Då var dagen omsider komen for julebord i Seattle, med routing TRD-OSL-ARN-ORD-SEA. Avreise frå Trondheim med SK335 onsdag 19.januar -og for dei som kjenner til det nummeret, så starter den kl 0610. Noko som betydde veldig tidleg opp. Ankom innsjekking utan å fått sjekke inn på nettet dagen i forvegen, uvisst av kva årsak. OptionTown-oppgraderinga mi frå E til E+ på ARN-ORD, blei det (sjølvsagt) ingenting av, og det fekk eg varsel om ca 6 timar før avreise i Trondheim. Eg hadde no bestemt meg på førehand at dette skulle bli ein tur i C-klasse uansett, men skulle bruke poeng for oppgradering til C frå anten E eller E+, så eg fekk dama til å legge inn ein request om dette, etter at ho omsider fekk sjekka meg inn. Var masse kluss med å få meg sjekka inn -"feil adresse" stod det visst, så innsjekk måtte visst foregå i eit gammalt system. Jaja, heilt greit, så lenge eg fekk BP
Det blei sete 6A på første leg, ein frokost og kaffi frå Sas, og såg las gjennom avisene som blei delt ut for flighten.
Kom til Oslo, og spaserte til den ventande gaten for ARN, som skulle gå 0745, og satte meg i 21A, og gleda meg veldig til ankomst ARN, for så å ta sikte på den ventande SE-REE som skulle ta meg til ORD (SK945), forhåpentligvis i C-klasse :colgate:
Ankomster og avganger går på rutetider, så det er bare å traske avslappa mellom gater, og omtrent spasere ombord -ikkje noko hastverk og dårlig tid. Dog, ikkje tilstrekkelig med tid til å gå innom lounger, men det er jo greit nok. Ankomst ARN var såleis også presis. Så eg gav meg i kast med å finne F-piren og passkontrollen, og det såg ut til å vera null problem, og gjennom passkontrollen starta eg utkikk etter gaten, og så var det å finne ut korleis det gjekk med oppgraderinga mi mot den nette sum av 30k bonuspoeng.... No veit eg ikkje om eg "dreit meg ut", men eg var ikkje klar over at eg måtte passere 2 BP-sjekkpunkter på gaten, så eg forstod det slik at oppgradering fekk eg i Servicesenteret like etter passkontrollen på ARN, så eg gjekk dit.....Der fekk eg beskjed om at det var full stopp på oppgradering til C-klasse.... fordi det var tomt for mat... Slik eg forstod det, stod det nok ikkje på ledige plasser -ein god peikepinn på ledige seter frå Martin's screenshot av Exportflyer viste det dagen før. Og eg som hadde gleda meg slik
....
-vel, slukøyra over tapet... så endra eg oppgraderingsspørsmålet til E+, for eg hadde ikkje lyst å sitte utan strøm til laptopen på ein dagflight. Heldigvis hadde dei lasta meir mat i den seksjonen, så der fekk eg plass mot den nette sum av 10k poeng. Her blei det sete 14H, fremst i E+ og der var det virkelig god beinplass 
14H på SE-REE, A330
Utover den misslykka oppgraderinga, så var reisa fin. Opplevde at strømuttaket ikkje klarte å levera strøm til laptopen min likevel, slik eg hadde forventa, men eg forstår det slik i etterkant på informasjon frå Discus, om at uttaket bare takler lading eller bruk, og sidan eg satsa på begge deler, så kutta det ut. Neste gong får eg vippa ut batteriet, eller bare lade den. Likevel, så fekk eg god assistanse frå crew, som tok med pcen i gally og lada den opp -supert! Hadde også store problem med adapteret eg hadde kjøpt for Usa-oppholdet -det passa ikkje til europeisk standard merkelig nok, men pursers avbitertang justerte det, så eg fekk lada batteriet.
Måltida i E+ var det ingenting å sei på -huskar ikkje heilt om det var middag og kvelds, eller snack + middag, men uansett så kom dei slik
Middag -kylling
Snack -roastbiff og laks
Obligatorisk "ut-vinduet-bildet"

Last edited: